Harpefossen skisenter kunne 2. juledag  feire 50 år. Med knallstart på sesongen og 1,2 millionar i selde bilettar så langt. Det er 2,5 gonger meir enn på same tid i fjor, då det var 450.000 kroner i billettsal.

Snøfall sidan midten av november, og gode kuldegrader for å produsere kunstsnø er årsaka til den gode opninga denne sesongen.

Kjenndalsheisen på Furuhogane opna allereie  19. november, og skitrekka nede ved varmestova 23. november.

Ei viktig årsak til høge inntekter så tidleg er at mange har kjøpt sesongkort allereie no, men det har også vore mykje folk i alpinbakken dei fem vekene det no har vore ope.

På heile sesongen i fjor hadde Harpefossen 1,95 millionar i billettinntekter.

Skal ein gå ut i frå at folk blir like flittige i bakken også framover, kan årsinntekta på billettsal nærme seg fem millionar.

Økonomisjef Jarle Tor Åsebø seier likevel at dette er vel optimistisk, då mange allereie har kjøpt sesongkort, og at det er kome med i inntektene så langt.

Åsebø understrekar likevel at dette er den beste sesongen på mange år, og at godt med snø i bakken gjev grunn til å sjå lyst på alpinsesongen framover.

Billettinntektene blir ført innkludert ti prosent moms.

Etter vel fem veker med drift har skisenteret midt i Nordfjord fått inn 1,2 millionar i billettinntekter.