Men faren, Kåre Kriken (78) er framleis i arbeid i verkstaden kvar dag. Toeine er dei på arbeid og toeine er dei heime i huset lengst aust på Maurstad. Det var i mange år to verkstader i bygda. Birger Hagen starta bilverkstad og bensinsal i 1946, men verkstaden vart nedlagt rundt 2010.

Starta før krigen

Det var far til Kåre, Matias Kriken, frå Åheim, som starta bilverkstaden i 1938. I tillegg til å reparere bilar, laga han høvlemaskiner av god kvalitet heilt frå grunnen.

Kriken hadde sjølv frå starten ein Dodge lastebil. Han var dei første åra åleine i verkstaden.

Fleire bilar etter krigen

Etter 1945 blei det etter kvart fleire bilar å reparere, men dei tok seg og av all slags mekanisk arbeid i bygda. Skulle folk ha ein ny hank til mjølkespannet, kom dei til Kriken. Like eins om det var syklar eller slåmaskiner som skulle vølast.

Høvlemaskinar blei det og produsert i mange år etter krigen. På det meste var det åtte-ni mann i arbeid, og ein som heile sitt vaksne liv arbeidde for Kriken var Jon Tisthamar.

Vaks opp i verkstaden

Kåre Kriken fortel at han nærast vaks opp i bilverkstaden. Interessa for skruing av bilar har såleis vore stor heile livet, og han overtok bedrifta etter faren i 1967.

Ti år etter blei bilberging ein ny geskjeft for Kriken, og det har dei halde på med sidan. I dag disponerer dei to bergingsbilar for Viking.

Marknaden har endra seg

Krikenkarane fortel at det er ikkje så mange kollisjonar med påfølgande karosseriskadar som før. No er det helst tekniske problem, og raude lampar og motorstopp dei må ta seg av. Men det er hard konkurranse på bilbergingsfronten, så det har etter kvart blitt mindre å gjere.

Glatt føre kan framleis gjerne utrykking nødvendig. Siste oppdraget var ein lastebil som hadde hamna i grøfta på Maurstadeidet, fortel Roy Kriken. Området dei opererer i er Vågsøy, Selje og Vanylven kommunar.

Tredjegenerasjonseigar

I 2002 var det duka for nytt eigarskifte då Roy tok over verksemda etter faren Kåre. I haust har det vore hektisk med dekkskifte og sal av nye dekk. Elles kjem folk når lyspærene på bilane ikkje verkar lenger eller bremseklossar må skiftast.

Dagens største jobb blir å skifte ti dekk på ein lastebil, fortel Roy, som trivast godt både med jobben og det å vere ungkar og bu i lag med faren. På spørsmål om korleis det går med matstellet for to vaksne karar, ler han og at seier det går storarta:

− Fjordland er kokken.

− Fenomenal mekanikar

Per Kroken på Maurstad arbeidde hos Kriken i fire år frå 1949, og han fortel at Matias Kriken var ein utruleg flink, sjølvlært mekanikar. Vegvesenet var ein stor kunde på den tid, opplyser Kroken. Hos Kriken reparerte dei både lastebilar og større maskinar som steinknusarar.

Is frå Navevatnet

Per Solibakke køyrde og lastebil for vegvesenet, medan Odmund Aalen køyrde is frå Navevatnet til kaia på Bryggja i vintersesongen. Drosjebilar var det og eit par av; Ragnvald Nore og Kristoffer Rimstad køyrde båe drosje etter krigen.

Det var først etter at restriksjonane på bilimporten blei oppheva i 1960, at talet på privatbilar auka.

LIKE VED RIKSVEGEN: Det var bestefaren til Roy Kriken, Matias, som starta verkstaden i 1938. Foto: Per Ole Lefdalsnes
MEST DEKK OG BREMSER: Dei gjer mange slags reparasjonar, men ikkje på elektroteknikk. Foto: Per Ole Lefdalsnes