Onsdag troppa dei opp hos Sparebanken Vest, der dei fekk overrekt ein sjekk på 30.000 kroner frå kunderådgivar Inger Smørdal.

– Pengane kjem vel med, og skal brukast til skifting av tak på grendehuset. Det er det sterkt behov for. Og med desse pengane kjem vi eit stykke på veg, i alle fall som ein startkapital, seier Ohrvik og Melheim.

Mykje midlar

– Vi har eit gåvefond i Sparebanken Vest som vi gjennom året deler ut frå. Det er betydelege midlar i løpet av eit år. Desse pengane til Heggjabygda grendelag er eit etterslep, som vi no ville gi før jul, fortel Arild Hove, banksjef for Sparebanken Vest sine kontor på Eid, Måløy og Stryn.

Totalt har Sparebanken Vest delt ut 100 millionar kroner i banken sitt nedslagsfelt på Vestlandet i 2017. Av dette er rundt åtte millionar kroner delt ut i Sogn og Fjordane.

– På Eid så har vi gitt store midlar. Malakoff Rockfestival har fått rundt 250.000 kroner, i tillegg kjem følgekostnadar som går av marknadsmidlar. Sagaparken har fått 250.000 kroner, Opera Nordfjord 100.000 kroner, og Stårheim IL si skiskyttargruppe har fått 100.000 kroner, fortel Hove.

Elles har Eid Fotball fått 60.000 kroner i tillegg til markandsmidlar, og no 30.000 kroner til Heggjabygda grendelag. I tillegg kjem mange mindre beløp som blir gitt ut.