Ei gruppe elevar ved Eid vidaregåande skule har samarbeidd med Nordfjord Folkemuseum om ei utstilling sist vinter, og resultatet vart utstillinga Heimen i Nordfjord frå 1880 til 1980. Elevane har studert korleis forholdet var på bestemor, oldemor og tippoldemor si tid.

– Med enkle middel har desse jentene vist fram viktige delar av fortidsarven vår. Dei lærte mykje av det dei fekk vere med på, og dei tykte det var eit interessant og gjevande prosjekt, fastslår Espe.

Delar av prosjektet til elevane er presentert i sogeskriftet. Det er flott at ungdom kan oppleve det som meiningsfylt å studere levevilkåra til farne slekter, meiner han.

Desentraliserte

I sogeskriftet har Per Ole Lefdalsnes og Tor Kvien ein artikkel om Heradskontoret.

– Her kjem det fram kor desentraliserte dei var på 50- og 60-talet, då dei hadde kontor på Davik, i Kjølsdalen og på Bryggja. I desse tider er det eit høgaktuelt tema, fortel Espe.

Per P. Oos tek for seg familieverksemda P.O. Oos A/S. Her får vi også høyre om grunnleggaren Paul Johan Oleson Oos, som mellom anna vart styrar i Handelslaget i Selje, og seinare styrar for Eids handelslag – før han starta opp sitt eige.

Fruktbygda

Steinar Myrold har skrive ein artikkel om eplehistoria på Stårheim. Her får vi høyre om Abraham Vereide som var den første i Nordfjord som starta med planteskule og sal av tre, og vi får historia som Høynesepla som har vore viktige for bøndene i Stårheim og dei nærliggande bygdene ved Eidsfjorden.

Kjell Nøstdal tar for seg glimt frå den lokale utvandringssoga, om Amerikafararen Nils Rasmussen Alsaker.

Nøstdal har også skrive ein artikkel om Stad: ny kommune og nytt namn.

I sogeskriftet kan vi også lese om bygdekunstnaren Tore Nord. Aud Hjelle har mellom anna skrive om alle dei mange skattane han produserte på fritida. Hovudinteressa var trearbeid av ymse slag, frå utskjeringar i vedskier til dekorering av vikingskip.

Stor variasjon

I Sogeskrift for Eid presenterer ein også tekst frå Jon Tolaas si samling «Besten og eg. Den sommaren vi passa på kvarandre». Med forteljinga «Alltid nytt» er ein ved vegs ende med å presentere tekstane frå samlinga.

– Vi har store variasjon i tidsaspekt i tekstane. Vi ser at det som skjedde i går allereie er historie. Arild Heggen har laga artikkelen om Sveinung Rotevatn, og det er interessant å sjå korleis han tenkte i juli, seier Espe.

Han har sjølv skrive tekstane «Eit mjølkeoppgjer til ettertanke» og om skulestriden i Hjelmelandsdalen.

Nils Kåre Nes har skrive om Nes kraftverk – eit hundreårsminne, medan Liv Stokkenes Jacobsen har skrive om Nordfjordeids Sanitetsforening, som vart starta i 1923.

cccc

Historia om drosjefirmaet Nordfjordeids Auto a/s er ført i pennen av Reidun Sunde, eit firma som vart starta av hennar bestefar Rasmus.

Norvald Vedvik har skrive om eit 50-årsminne, Kraftverket i Kviafossen, leikeplassen til moskvastrikane på 60-talet.

Elles har Sverre Folkestad skrive om Nordfjord Sogelag, Gunvor Torheim om Heidagarden på Stårheim og John Bjarne Hjelmeland om Teoriar om Firdakongane.