Nytt for 2018 er at Nordfjordrådet får dagleg leiar i 100 prosent stilling. Denne kostnaden som er rekna til 900.000 kroner, blir finansierast gjennom auke i kommunane sin kontingent. Det var på møte den 4. september at Nordfjordrådet vedtok å tilsette dagleg leiar. For kommunane blir kontingenten auka med kr 40,60 per innbyggjar.

Seier nei

Nordfjordrådet har sendt førespurnad til Bremanger kommune om dei kunne tenkje seg å gå inn att som medlemskommune. Dette har Bremanger kommune takka nei til, men sidan dagleg leiar også skal jobbe opp mot rådmannsgruppa, der Bremanger er ein del av Nordfjordsamarbeidet, så vil dei av den grunn måtte bidra med å dekke lønskostnadar for dagleg leiar. I forhold til innbyggjartalet (3801), utgjer dette kr 77.160 frå Bremanger.

For Eid kommune vil kontingenten til Nordfjordrådet i 2018 vere på 246.198 kroner. For Selje 113.315 kroner. Totalt utgjer kontingenten frå kommunane 1.258.000 kroner i 2018.