Toppen Cafe og Conditori, Minibakeriet, Circle K og Sjøkanten Cafe på Nordfjordeid er med, og sel overskotsvarer gjennom den nye appen.

– Vi i Too Good To Go har endeleg fått tak i våre første samarbeidspartnarar i Eid. Matsvinn er eit svært dagsaktuelt tema, konstaterer Ellen Marie Hole i Too Good To Go.

Flott tiltak

– Dette er eit flott tiltak for oss alle som har matsvinn i butikkane våre. Vi ser at matsvinn er eit aukande problem, og med denne appen kan vi gjere noko med det, seier Espen Sandmark Heia ved Circle K.

– Vi lagar fersk mat som bagettar og anna kvar dag, og det er kjedeleg å hive på kvelden det vi ikkje har fått selt, meiner han.

Kvar dag lagar ein pakkar med mat som er til overs og legg inn i appen. Kunden ser dette i appen og gjennomfører kjøpet der. Kunden kjem innom ved angitt hentetid, viser kvitteringa si og får med seg pakken.

– Eg trur at desto fleire butikkar på Eid som brukar dette, desto betre vil det verke for oss alle, meiner Sandmark Heia.

Gode erfaringar

Også Minibakeriet i Eidsgata har gode erfaringar med å ta i bruk matappen.

– Vi opplever at både faste kundar og nye kundar har tatt den i bruk, og kjem innom for å kjøpe, seier Tonje Løfsnes Sjaastad hos Minibakeriet. Ho har over lang tid tatt med bakarvarer som er til overs til sauene på heimgarden.

– Men no begynte sauene å bli tjukke av det, flirer Sjaastad, som synest det er betre at Minibakeriet er med på å bruke matappen.

Ho fortel at det ikkje er alle dagar dei har overskotsvarer å legge ut på matappen.

– Vi legg ut dei dagane vi har, og har vi i mellomtida seld vara, så får kundane refundert pengane, fortel ho. Sjaastad synest matappen er praktisk, og godt organisert.

– Og med tanke på miljøet, og at vi ikkje skal kaste mat, er dette veldig bra, seier ho.

– Vi sel ut det vi legg ut. Det er nok folk som har appen, og det er ikkje nødvendigvis dei som handlar her til vanleg. Det viser at folk har fått med seg kva matappen Too Good To Go er, seier Sjaastad.

Too Good To Go starta opp i Norge februar 2016, og er eit norsk selskap. Målet er å redusere matsvinn hos mellom anna daglegvarebutikkar, restaurantar og bakeri.

Tonje Løfsnes Sjaastad i Minibakeriet konstaterer at dei har gode erfaringar med å vere med på den nye matappen. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes