No er det samanhengande gang- og sykkelveg med gatelys heilt frå Nordfjordeid sentrum til forbi Nor bru.

Prosjektet er eit samarbeid mellom vegvesenet og Eid kommune. og viser at samarbeid er vegen å gå for å få fortgang i saker og ting.

No har ein mellom anna fått både trygg skuleveg med gangveg langs E39/Rv15 og gangbru over Eidselva på Nor, breiare riksveg med gul midtlinje og Eid kommune har bygd nytt VA-anlegg på same strekninga.

Som følgje av utbygging er kloakkreinseanlegget og utslepp til elv i Mogrenda nedlagt. No går all kloakk til reinseanlegget på Mehl.

Arbeidet har gått unna i høgt tempo, med store utfordringar med det trafikkmessige. Europavegstrekninga har mykje trafikk som har gått samtidig som vegarbeidet har vore i full gang. Bebuarane i Hjelle krins har også måtte vist stort tolmod med vegarbeidet tett på. Lakseelva har også vorte påverka medan arbeidet har gått føre seg med ny gangbru.

Statens vegvesen har fått løyvingar på i overkant av 102 millionar kroner for å finansierer sin del av prosjektet. Ved sidan av hovudprosjektet har det også vore gjennomført eit sideprosjekt som handlar om støyskjerming. Ein rekkje bebuarar langs vegen har fått tilbod om skjerma uteplass eller liknande. Det er gjennomført tiltak i 22 hus.

Gratulerer Hjelle krins med den nye gangvegen. Denne er viktig for tryggleiken. No vert det ein ny kvardag der ein kan ferdast på trygg gangveg, enten ein skal på skule eller på aktivitetar på kveldstid.