Les også

Statens vegvesen si utbygging av gang- og sykkelveg langs E39/Rv15 mellom Hjelle og Nor bru er no ferdigstilt, og onsdag 13. desember vert gang- og sykkelvegen offisielt opna. Prosjektet er utført i samarbeid med Eid kommune, som har bygd nytt VA-anlegg på same strekninga. Prosjektet har også omfatta nødvendig breiddeutviding på riksvegen.

I tillegg til arbeid med gang- og sykkelveg og breiddeutviding av riksvegen har det blitt utført arbeid med kommunalt vegnett for å erstatte eksisterande avkøyrslar som følgje av nytt veganlegg.

Hovudentreprenør er Aurvoll & Furesund AS.

102 millionar i vegmidlar

Prosjektet Hjelle–Nor bru er eit samarbeid først og fremst mellom Statens vegvesen og Eid kommune, men der også andre som SFE og Telenor har vore inne med sine rør og kablar.  I «underetasjen» under gangvegen ligg det store vassrør som skal frakte drikkevatn frå Hornindalsvatnet til Eid sentrum, Eidsdalen, Mogrenda og omegn. Der ligg også avløpsrør.

I ein etasjen over ligg det diverse kablar under pukk, grus og asfalt på gangvegen. Også ein del luftspenn har kome ned i jorda.

Statens vegvesen har fått løyvingar på i overkant av 102 millionar 2015-kroner for å finansiere sin del av prosjektet.

Omfattande støyskjerming

Ved sidan av hovudprosjektet har det også vore gjennomført eit sideprosjekt som handla om støyskjerming. Ei rekkje bebuarar langs vegen har fått tilbod om skjerma uteplass eller liknande. Nokre har fått skifta vindauge eller sett inn støysvake ventilar, og det er etterisolert ein del veggar. Det er Stårheim Bygg AS som har gjennomført tiltak i 22 hus.

1,5 kilometer gangareal

Prosjektet Hjelle–Nor bru omfattar om lag 1,5 kilometer med tre meter breitt gangareal inkludert gangbru over Eidselva på Nor pluss breiddeutviding av E39/Rv 15 og oppstramming av krysset E39/Rv15 Fv. 663. Sjølve krysset mot fylkesvegen på Fossebakken er utbetra tidlegare med armar ut mot Mogrenda og mot Nor bru. Det er no samanhengane gang- og sykkelveg med gatelys heilt frå Nordfjordeid sentrum til forbi Nor bru.

Gul stripe

E39/Rv. 15 har blitt utvida med ein meter, frå 6,5 til 7,5 meters breidde, skulder medrekna. I tillegg har det blitt skifta ut telefarleg masse. Til saman er det fem busslommar på strekninga, inkludert ei ekstra lang med plass til to bussar ved Hjelle skule.

Mykje erstatningsveg

I arbeidet med prosjektet Hjelle – Nor bru har ein sanert ei rekkje avkøyrslar  på begge sider av riksvegen i Mogrenda og samla desse. Det inneber at det har blitt relativt mykje erstatningsveg, som ved ferdigstilling blir overlevert som kommunal veg.