Senterpartiet kjem til å fremje følgjande framlegg i saka om kommunal overtaking av Heggjabygda vassverk:

1.      Eid kommune overtek Heggjabygda vassverk frå 01.07.2018.

2.      Abonnentane som er knytt til Heggjabygda vassverk skal betale tilknytingsgebyr jamfør gebyrregulativet til Eid kommune når vassverket vert kommunalt.

3.      Eid kommune overtek den resterande lånegjelda til Heggjabygda vassverk på kr 501.500 kroner-

4.       Kommunestyret ber rådmannen legge fram eiga sak der ein tek stilling til korleis Heggjabygda skal forsynast i framtida jamfør dei ulike alternativa i saksutgreiinga. Kommunestyret sluttar seg til vurderingane som er gjort så langt der det vert peika på forsyning via sjøleidning frå Nor (alternativ 1) som framtidig løysing.

Senterpartiet meiner denne saka reiser ein del prinsipielle spørsmål som har vore lite framme i debatten så langt.

Gruppeleiar Sigurd Reksnes legg vekt på at i dette tilfellet vil Eid kommune overta eit ferdig godkjent vassverk som innbyggjarane i Heggjabygda har bygd ut i eigen regi med eigne midlar og arbeidsinnsats. Han meiner at det derfor vert heilt feil at kommunen skal krevje anleggsbidrag.

– Infrastrukturen eller «anlegget» i Heggjabygda er allereie etablert. Då vert eit krav om anleggsbidrag i realiteten det same som at innbyggjarane i Heggjabygda skal betale for den same infrastrukturen to gangar, poengterer Reksnes.

Han peikar på at mykje av argumentasjonen for at Eid kommune skal krevje anleggsbidrag er grunngjeve i auka driftskostnader grunna lang reiseveg for dei tilsette og mogelege framtidige investeringar, enten i ny sjøleidning frå Nor, eller framtidig oppgradering av eksisterande anlegg.

Men når kommunen ikkje krev anleggsbidrag når ein ser behov for oppgraderingar og vedlikehald elles i kommunen, så vert det ei klar forskjellsbehandling dersom kommunen gjer dette i saka om overtaking av Heggjabygda Vassverk.

Reksnes viser til at det vil alltid vere sånn at kommunal  infrastruktur treng vedlikehald og oppgradering. Han peikar på at Eid kommune nyleg har bygt ut ny vassforsyning til Nordfjordeid Sentrum, Eidsbygda, Hjelle og Mogrenda. Ei positiv tilleggseffekt av denne utbygginga er at den har gjeve innbyggjarar som tidlegare måtte syte for eiga vassforsyning mogelegheita til å  knyte seg til den offentlege vassforsyninga. Dei som knyter seg til i desse områda betaler tilknytingsgebyr på vanleg måte og må syte for naudsynt infrastruktur frå eiga tomtegrense og fram til bustad.

–  Utbygging av ny vassforsyning no sist til Nordfjordeid er, og har vore, eit stort løft for kommunen. Men det har aldri vore fremma at dei som har direkte nytte av denne utbygginga skulle betale noko anleggsbidrag. Tvert i mot så er dette noko som alle abonnentane i kommunen er med og betalar gjennom vassavgifta som har auka med 41% . Det meste av denne auken er som følgje av desse investeringane. Neste gang kan det vere snakk om oppgradering av vassverka til Stårheim/Haugen eller Kjølsdalen. Det og vil fellesskapen vere med å ta kostnaden på gjennom vassavgifta.

–  Vi meiner at saksutgreiinga syner at ei kommunal overtaking av Heggjabygda vassverk ikkje vil ha økonomiske konsekvensar som tilseier at kommunen ikkje skal ta over. Dette vil føre til ei lita auke i vassgebyret for innbyggjarane i Eid kommune. Auken er likevel liten om ein samanliknar med auken som har vore siste åra som følgje av dei store investeringane.

–  Vi meiner at kommunen bør ta over vassverket «som det er». Framtidige investeringar og vedlikehald må kommunen ta stilling til på vanleg måte, slik som ein gjer med all anna kommunal infrastruktur.  Så sant det ligg til rette for det og det kan forsvarast økonomisk så bør kommunen ta ansvar for vassforsyning til innbyggjarane sine, seier Reksnes.

Han legg vekt på at dette er ei oppgåve som fellesskapen må løyse så langt det let seg gjere og ein form for dugnad som alle er med på. Eit døme på dette er at alle som er tilknytt eit offentleg vassverk betalar for utbygginga til Nordfjordeid Sentrum, også dei på Haugen, Stårheim og Kjølsdalen som ikkje har noko direkte nytte av utbygginga i denne omgang.

– Historia til Heggjabygda vassverk skil seg ikkje så mykje frå elles i kommunen når det gjeld vassforsyning. Utbygging har vore starta og gjennomført av bygdefolk, og deretter har kommunen teke over. Når kommunen til dømes overtok det som var Haugen vassverk på 60 talet vart det ikkje krevja anleggsbidrag ved overtakinga. Det siste dømet er at kommunen bygde ny vassforsyning til Høynes, då vart det ikkje krevja anna enn tilknytingsgebyr, påpeikar Reksnes.

Søknaden frå Heggjabygda vassverk vart første gang handsama av Eid kommune i 2013, det er no fire år sidan. Senterpartiet meiner at det no ligg til rette for at kommunestyret kan gjere vedtak, utan noko meir forhandlingar med Heggjabygda vassverk.