Fjordabladet 29.5.1982: Aldersheimen skulle leggast ned til jul, men dei gamle ville ikkje flytte.

Nils Nes og Steffen Eikenes sa til Fjordabladet at det kom ikkje på tale å flytte til ei mellombels aldersavdeling på Heimen, slik Eid Formannskap hadde foreslått etter framlegg frå ordføraren.

Eikenes såg det slik at flytting til Heimen var noko ein hadde gått inn på for å sleppe å bygge ny aldersheim.

Nye tider

April 2017:

Opning av Hogatunet bu- og behandlingssenter på Nordfjordeid.

Ordførar Alfred Bjørlo sa i sin opningstale mellom anna at no var ventetida over. Dette var det største byggjeprosjektet Eid kommune nokon gong hadde gjennomført. 40 år etter at Eid Sjukeheim stod ferdig og 16 år etter at planlegginga starta. Hogatunet er noko meir enn ein sjukeheim. Akkurat som Operahuset og Eidahallen er det nye omsorgssenteret ein «fleirbrukshall». Det er ein stad å bu for rundt femti innbyggarar i Eid, og ein stad for behandling og opptrening. Nær 100 personar vil ha sin arbeidsstad i dette bygget, dag og natt, kvardag og helg.

Livet på Aldersheimen.
Dei eldre hadde det godt på Aldershiemen, og ingen ville flytte då den skulle leggast ned i 1982.