Dei tre gjekk til topps under semifinalen i Tromsø i dag, og er no klare for finalen under NorgesCup for kokk- og servitørlærlingar i Stavanger i slutten av februar 2018.

Alle tre er elevar ved Restaurant- og matfag ved Måløy vidaregåande skule med Bente Vonheim frå Stårheim som lærar.

I semifinalen har dei konkurrert mot fem andre lag frå Narvik, Mo I Rana og Tromsø.

Det var seks semifinaler spredt utover heile landet. Arrangør av konkurransen er Tine og Norges Kokkemesteres Landsforbund.