Han viser til at to eidajenter allereie har nytta seg av det såkalla Georgiastipendet. Rotary i Georigaia har etablert eit program som kvart år innvilgar eittårig stipend til studentar mellom 18 og 24 år, for å studere ved college og universitet i staten Georgia.

– Dette er eit sjenerøst tilbod frå staten Georgia, som kostar opphaldet i eitt år. Og vi har hatt gode tilbakemeldingar frå dei som har nytta seg av det, seier Heggen.

Eit «scholarship» dekkjer alle skulekostnadar for eitt år, som studieutgifter, bøker, samt studentbusstad og mat på studiestaden. Rotarianarane i Georgia vil velje ein vertsfamilie for studenten, sjølv vom studentane bur på «campus».