– Det positive er at innbyggjarane får svar med ein gong, og slepp å vente på postgang. Fordelen er at ein frå kommunen kan sende all slags post, som arbeidsavtalar eller svar på byggjesøknader og vedtak, seier Wenche Berget, leiar for Servicekontoret og IKT-koordinator i Selje kommune.

Målet er å bli meir tilgjengelege på nett. Selje kommune oppmodar alle innbyggjarane om å opprette digitale postkasser dersom ein ikkje allereie har dette. Ein kan også hente post i Altinn.

– Ein annan fordel er miljøaspektet. Ved å redusere talet på brev som blir sende i posten reduserer ein papirbruk og redusert CO-avtrykk. Det er enkelt, effektivt og grønt, seier ho.

Ein kan opprette digital postkasse gjennom Posten (Digipost) eller gjennom Nets/PostNor (e-Boks). Kommunen leverer elektronisk post til deg uavhengig av kva for elektronisk postkasse ein vel.

KS SvarUt er ei felles løysing for kommunar og fylkeskommunar for å formidle digital post frå kommunale saksarkiv og fagsystem til både innbyggjarar, næringsliv, offentlege og private organ.