Den kommunale musikkskulen i Eid opna 1. oktober 1987. Då hadde det allereie vore musikkskule i Gloppen og Vågsøy sidan midten av 1970-talet. Etter lang tids planlegging, faktisk heilt sidan 1978, fekk endeleg Eid sin kommunale musikkskule nesten ti år seinare. Den som gjekk i spissen for å etablere musikkskulen var Per Olav Halvorsen, som tidlegare hadde vore lærar ved Fjordane folkehøgskule.

Første hausten med kommunal musikkskule i Eid var det 120 elevar, og det vart undervist 70 timar i veka. Sidan den gong har både elevtal og tilbod blitt kraftig utvida, og den vanlege nemninga skifta frå musikkskulen til kulturskulen.

Av dei seks rektorane som har sete lengst i stillinga dei 30 åra med kulturskule er Kari Standal Pavelich (1989-2000), Unn Elin Carlsen (2003-2010) og Dan Aasebø, som har vore rektor sidan 2010. Og av naturlege grunnar var lærar i kulturskulen, Michael Pavelich, vikar som rektor i fleire periodar på 1990-talet.

Etter at Operahuset Nordfjord kom på plass, skjedde det også ei stor oppblomstring i kulturskulen i Eid. Elevane fekk ein ny og stor arena å opptre på, samstundes som den totale økonomiske satsinga på den tradisjonelle kulturen vart stadig større. Ser ein på alle aktivitetar for barn og unge i Eid, er det så godt som utelukkande innan den tradisjonelle kulturen at det er kommunalt tilsette. Kor riktig og rettferdig denne satsinga er, vil det vere ulike meiningar om.

Med ei slik satsing på kultur bør ein også forvente resultat, og det vil dei fleste meine at ein har fått. Den eine ungdomen etter den andre med bakgrunn frå kulturskulen, har i fleire år begeistra både lokalt og nasjonalt publikum. Den siste som markerte seg var årets MGP junior vinnar Oselie Henden, og vi er sikre på at det vil kome mange fleire i åra framover.