Det vart nyleg kjent at det vert forbod mot å nyte medbringa alkohol på musikkfestivalcampar. Argumentet for forbod er at det skjer mykje vald og overgrep i samband med alkoholbruk på festivalcampane.

Politikontakt i Eid, Hanne Heggen seier til Fjordabladet at dei vil forhalde seg til pålegg frå Politidirektoratet (POD). Ho er positiv til endringar, og seier at det kan vere at det er ei god løysing for å hindre overgrep og vald.

–Ein får prøve det ut og sjå korleis det fungerer.

– På somme festivalar fungerer det ikkje bra i dag, her fungerer det heilt utmerka. Vi har godt vakthald og mange frivillige på Malakoff, og dei få episodane inne på campen blir raskt tekne hand om.

– Faren med alkoholforbod på campen er at ungdommane kan bli sitjande andre plassar og drikke, og ein mister litt kontrollen, seier Heggen.