– Det er fleire viktige gjennomslag frå ein lokal ståstad i budsjettforliket. Vi har no fått eit statsbudsjett som legg svært godt til rette for ei god utvikling i Eid og Nordfjord i 2018. Det seier ordførar i Eid, Alfred Bjørlo (V).

– Det aller mest konkrete for Eid sin del i budsjettavtalen er at kuttet til Norsk Fjordhestsenter er fjerna, og at det tvert i mot blir ein auke i satsinga på fjordhesten neste år.  Venstre har også saman med Krf klart å sikre finansieringa til folkehøgskulane, noko som er svært viktig for Fjordane Folkehøgskule.

– Eid kjem også best ut av alle kommunar i Sogn og Fjordane i det såkalla "lærarløftet" som ligg inne i budsjettavtalen. Eid vil gjennom dette få tilført opp til 6 mill kr årleg til nye lærarstillingar i grunnskulen, dobbelt så mykje som nokon andre kommmuner i Sogn og Fjordane, seier ordførar Alfred Bjørlo, som likevel er kritisk til den samla distriktsverknaden av denne nye ordninga.

– Eg er også glad for at Venstre og Krf har fått gjennomslag for mottak av 1.000 ekstra kvoteflyktningar for busetjing i norske kommunar. Dette er viktig både for menneska det gjeld, og for dei kommunale tenestene våre i åra framover, seier Bjørlo.

­– Ei anna svært viktig sak for Eid og Nordfjord er at Venstre har fått gjennomslag for fjerning av den såkalla "maskinskatten" på grøne datasenter. Det betyr mykje for Lefdal Mine Datacenter, som vil vere ein av dei store motorane i næringsutviklinga i Nordfjord i åra framover. Saman med Venstre sitt gjennomslag for kraftig auke i breibandsmidlane, sterk satsing på IKT i skulen og nye studieplassar i IKT, ligg det no godt til rette for eit teknologiløft i distrikta i åra framover.

– Det er også viktig for ungdom i Nordfjord at det framleis vil vere 40 km grense for å få bortebuarstipend, og at det blir meir pengar til drift av vidaregåande skular på grunn av auke i den såkalla tapskompensasjonen til fylkeskommunane.