Blant kommunestyrepolitikarane i Eid er det 93,1 % som meiner at eigen kommune har tilstrekkeleg kompetanse.

I Selje er det berre 16,7 % som svarar det same, medan heile 77,8 % ikkje har tru på at eigen kommune har nok kompetanse for å løyse oppgåvene.

For tidkrevjande

Fleirtalet av kommunepolitikarane i Eid (53,5%) og Selje (72,2%) meiner at vervet som folkevald er altfor tidkrevjande. I Eid meiner 65,5 % at godtgjersla som folkevalt står i forhold til arbeidsinnsatsen, medan tilsvarande tal i Selje er berre 11,2 %.

Gjer nytte for seg

Det kan sjå ut til at trivselen er eit hakk høgare i Eid enn i Selje, men i begge kommunane føler nesten alle dei folkevalde at dei får gjort nytte for seg, og dei aller fleste trivest med arbeidet som folkevalt.

I Eid er det ingen som er usamd i påstanden om at politikarane i denne kommunen behandlar kvarandre med respekt.

Det er fleire politikarar i Eid (86,2%) enn i Selje (61,1%) som gjev inntrykk av at arbeidet som folkevald har gitt meirsmak.

Ubehagelege hendingar

Politikarane har også fått spørsmål som handlar om dei som folkevalde har blitt utsett for ubehagelege hendingar frå innbyggjarar, som plagsame telefonoppringingar eller epostar, svertekampanjar, hatmeldingar, trugsmål eller liknande.

Dette ser ikkje ut til å vere noko problem i Eid, men i Selje er det kring ein fjerdedel av dei spurde folkevalde som gjev inntrykk av at dei kjenner seg igjen i dette.

Det vert meldt om nokre få tilfelle der politikarar er blitt utsette for ubehagelegheiter i form av hendingar av fysisk karakter.