Sjølve prosessen i denne saka har vore ryddig, og burde ha vore ukontroversiell. Folket på Bryggja har nytta sin rett, heimla i Inndelingslova, til å søkje om grensejustering. Det har vidare vore gjort ei grundig utgreiing av saka med ein fagleg rapport, innbyggarundersøking og høyring hos dei råka kommunane. Konklusjonen til Fylkesmannen er klar: Bryggja bør bli ein del av Stad kommune.

Sjeldan har ein sett eit klarare eksempel på at folket blir høyrt. I innbyggarundersøkinga av folket på Bryggja er 79 prosent positive til å bli ein del av Stad kommune, medan 84 prosent er negative til å bli ein del av Kinn kommune. No skal tilrådinga frå Fylkesmannen sendast til Kommunal- og moderniseringsdepartementet for endeleg avgjerd. Det vil vere ein sensasjon om den klare tilrådinga frå Fylkesmannen ikkje blir følgd, altså at dei rundt 540 innbyggarane på Bryggja blir ein del av Stad kommune.

I samband med denne saka har det vore mykje merksemd om inntektene Vågsøy kommune vil tape om Bryggja får skifte kommune. Langt mindre om utgiftene som blir spart. Det skal gjennomførast eit økonomisk oppgjer mellom kommunane, noko som mest truleg vil gje svært små utslag, og gjerne hamne nær eit nullsumoppgjer. Det er nemleg ikkje slik at det er store nettoinntekter på spel, slik det til dømes kan vere dersom eit område med store kraftinntekter skiftar kommune.

Det kan også vere på sin plass å påpeike at det ikkje er Vågsøy kommune Bryggja skal ut av. Bryggja skal faktisk vere ein del av Vågsøy kommune, heilt til den tek slutt å eksistere.

Vi forventar at Fylkesmannen si klare og eintydige tilråding blir vedtatt i Kommunal- og moderniseringsdepartementet, og at Bryggja blir ein del av Stad kommune frå 1. januar 2018.