Namnet på den nye tunellen på 570 meter vert Strandanipatunnelen, og den skal stå ferdig om eitt år.

Då vil ferda til og frå Honningsvåg kunne skje på ein mykje enklare og tryggare måte enn før. Dette er noko innbyggjarane i bygda har sett fram til i årevis, og fiberkabel gjennom tunellen vil gje innbyggjarane funksjonelt internett, noko som har vore mangelvare til no.

122 mill. kroner

Byggherre er Statens vegvesen. Prosjektleiar Jon Harald Huseklepp fortel til Fjordabladet at totalbudsjettet for tunellprosjektet er på 122 millionar kroner. Inkludert i dette er diverse elektriske og tekniske anlegg, lysanlegg og 300 meter veg i dagen.

Han opplyser vidare at Strandanipatunellen blir bygd med einfelts køyreretning og lysregulering. På kvar side av tunellen vil det bli montert veglys som gjev signal når ein får køyre.

To kontraktar

Prosjektet er delt opp i to kontraktar, ein for tunnel og veg som har gått til Lemminkäinen Norge AS, med Volda Maskin som underentreprenør, og ein for elektroarbeid med oppstart i juni neste år.

20 til 25 mann frå entreprenøren, og to til tre personar frå Statens vegvesen vil arbeide fast på anlegget framover.

Trafikken går som vanleg

Tunellinnslaget på sørsida ligg like ved fv. 633, men trafikken vil stort sett gå som vanleg i anleggsperioden. Brukarane må likevel rekne med kortare og lengre stengingar, særleg ved sprenging.

Når tunellen blir opna for trafikk skal to rasoverbygg, fanggjerde, rekkverk og asfalt fjernast. Rasoverbygga er frå 60-talet og er modne for utskifting. Fanggjerdet gjev heller ikkje tilstrekkeleg vern.

− Etter å ha vurdert ulike løysingar, valde Statens vegvesen tunell som den mest optimale, seier Huseklepp.

Treskiftordning

Prosjektleiar for hovudentreprenøren er Tomas Lindstrøm frå Ørnskøldsvik i Sverige. Han opplyser at dei arbeider etter ei treskiftordning, men med eitt skift i helgane. Kvart skift er på ti timar, og folk jobbar 12 dagar med ni dagar fri etter kvar arbeidsøkt. Reisa til og frå anlegget betalar arbeidsgjevaren.

Trivst i Honningsvåg

Ivar Hoddevik flytte til bygda i 1982 og trivst svært godt. Som dei andre i bygda ser han fram til tunellopninga neste haust.

− Det blir ei ny tidsrekning i bygda, seier han begeistra,

− før og etter tunellen.

Dei vil få tryggare veg og større bilar kan komme fram.

Bygdefolket er svært optimistiske med tanke på ny aktivitet i framtida. Honningsvåg har mykje å by på, og barnefamiliar har alt meldt interesse for å flytte dit.

Ivar Hoddevik driv eige firma, og har tidlegare bygd båtar. No driv han med båtreparasjon som viktigaste aktiviteten, og dessutan deleproduksjon for andre firma. Mindre snikkarjobbar tek han og på seg.

Får heimelaga mat

Anleggsarbeidet set sitt tydelege preg på bygdene Årvik og Honningsvåg. På Teige, før ein kjem til Årvik, ligg deponiet for overskotsmasse. Nede i bygda har både Statens vegvesen og Lemminkäinen sine kontorbrakker, og ved den framtidige tunellmunningen er folk og maskinar i full sving.

I Honningsvåg bur arbeidarane i brakker ved grendahuset, der kokken Simon Gulbrandsen frå Hoddevik syter for velsmakande, heimelaga mat.

− Fiskegratin er ein av favorittane, seier han smilande, og kjøttkaker og sosakjøt i helgane.

GAMLEVEGEN FORBI KLEIVA: Om eitt år er denne trasige vegstrekninga på Fv. 633 historie. Foto: Per Ole Lefdalsnes
TUNELLRIGGEN: Prosjektleiar i Lemminkäinen Tomas Lindstrøm reknar med gjennomslag i tunellen i februar neste år. Foto: Per Ole Lefdalsnes
DEPONIET PÅ TEIGE: Underentreprenør Volda Maskin står for transporten av overskotsmasse til deponiet. Foto: Per Ole Lefdalsnes
KJØKENSJEFEN SIMON GULBRANDSEN: Han serverer opp til 30 middagar, og bakar 8–9 brød om dagen. Foto: Per Ole Lefdalsnes
BRAKKERIGG I ÅRVIK: Her er leiarfunksjonen i prosjektet samla i brakker. Foto: Per Ole Lefdalsnes
FORPLEININGSAVDELINGA I HONNINGSVÅG: Her får arbeidsfolket søvn og mat. Foto: Per Ole Lefdalsnes
HODDEVIK PLAST: Her driv Ivar Hoddevik eige firma i Honningsvåg. Foto: Per Ole Lefdalsnes