Folketalet i Eid er pr 1. oktober 2017 på 6.128, ein auke på 28 frå 1. juli. Eid har no hatt folketalsvekst åtte kvartal på rad, og i 15 av dei 16 siste kvartala. Veksten i folketal i Eid er siste to åra samla på 126 innbyggjarar, eller ca 2%. Det betyr at folketalet veks dobbelt så raskt i Eid som i landet elles.

Det syner ny folketalsstatistikk frå Statistisk Sentralbyrå lagt fram i dag. Folketalsauken i Eid i 3. kvartal 2017 kjem både av fødselsoverskot (3), netto innflytting frå utlandet (14) og netto innflytting frå andre kommunar i Noreg (13).

– No har vi ikkje berre litt vekst. No veks vi raskare enn landet, konstaterer ein nøgd Eid-ordførar Alfred Bjørlo (V).  Han peikar på satsinga som ein her i kommunen har gjort når det gjeld å legge til rette for bustadområde og lage attraktivt sentrum, som ein viktig del av forklaringa på veksten, og han meiner at utviklinga i Eid viser at det ikkje er eintydig at det skjer ei sentralisering inn mot byane og at distrikta vert taparane.

Eid vil gjerne vekse, men Bjørlo er samstundes klar over at det på kort sikt skaper litt utfordringar i form av press på barnehagar og skular, ikkje minst i sentrum. Rådmannen har i sitt budsjett/økonomiplanframlegg kome med forslag om å bygge ei ny avdeling på Gjerdane barnehage, og utbygging på Nordfjordeid skule blir ein debatt som kjem.

Fjordabladet er kjend med at det i desse budsjett-tider er somme som tenkjer tanken om at det kan vere meir rasjonelt og økonomisk fornuftig å samle det meste av bareneskuleelevane på storskule på Nordfjordeid, men Bjørlo avviser at dette er ei aktuell problemstilling. Han peikar på at det er god elevutvikling også på bygdeskulane og at ein i Eid har hatt ein langsiktig strategi om å ha skular ute i bygdene.

– Det er fordelar og ulemper med kvar ein buset seg. Bur ein i sentrum er ein tett på mange tilbod, men på ein sentrumskule vil det vere trongare enn på ein bygdeskule.  Vi har gjort eit politisk val om å ha skular ute i bygdene, seier ordføraren.