Leiar i utviklingslaget på Bryggja, Øystein Hessevik er letta og glad for tilrådinga frå Fylkesmannen.  Det gjekk slik som dei håpa og trudde. Hessevik trur det vert flagga på Bryggja i dag.

Fylkesmannen i Sogn og Fjordane tilrår at grensa mellom noverande kommunar Vågsøy, Selje og Eid blir justert slik at området Bryggja med krinsane Totland, Bryggja og Maurstad blir flytta frå Vågsøy til Selje/Eid (Stad kommune).

Bakgrunnen for tilrådinga er eit innbyggjarinitiativ frå Bryggja utviklingslag med underskrifter frå om lag 240 personar. Kommunal- og moderniseringsdepartementet bestemte at saka skulle greiast ut.

– Det beste utfallet

Bryggjafødde kommuneforskar Yngve Flo er personleg glad for tilrådinga og meiner at dette var det beste utfallet.

– Utgreiinga frå fylkesmannen er grundig og sakleg og parkerer effektivt motforestillingane frå Vågsøy, seier han.

Tydeleg og prinsipiell

Selje-ordførar Stein Robert Osdal er glad for tilrådinga og at fylkesmannen var heilt tydeleg og prinsipiell.

– Eg er ikkje overraska over utfallet, det var venta at fylkesmannen ville leggje stor vekt på at det klare folkefleirtalet på Bryggja ønska Stad, seier han.