Komande tysdag reiser dei til Trondheim for fire dagar med øving, før den første konserten i Grieghallen i Bergen 26. november. Dei skal til saman halde 30 konsertar på 25 ulike stader i Norge, frå Kristiansand i sør til Tromsø i nord.

– Det er stort sett utseld over alt, fortel far til Anna, Arnt-Ivar Naustdal, som understrekar at jentene skal ha med seg skulebøker på turneen.

– Litt tilpassing må dei ha, men vi gjer stort sett det same som i fjor, seier han.

Få plassar igjen

Eitt av stoppa på turneen, som stort sett berre er i større byar, er Operahuset Nordfjord. Det blir to konsertar på Nordfjordeid søndag 10. desember, og dersom du ønskjer å kjøpe billett bør du ikkje vente særleg lenge. Per onsdag føremiddag denne veka var det nemleg berre ledig fem billettar til den første konserten, og 12 til den andre. Når du les dette kan det altså vere heilt utseld.

På turneen har Oselie, Vilde og Anna også med seg andre deltakarar frå årets og fjorårets MGP Junior.