Aldri før har så mange lag vore samla i Operahuset Nordfjord under konkurransen First Lego League.

Dette året gjekk konkurranse nummer elleve av stabelen, der rundt 250 ungdomar var samla for å tevle innan teknologi, nyvinningar og robotkøyring.

Tema i år var vatn og korleis menneska brukar og forheld seg til det. Problemstillinga skulle kvart lag hente fram sjølve.

Dei to laga frå Eid var Team Watermakers og Water transporters.

Førstnemnde hadde idéen om å lage om sjøvatn til ferskvatn gjennom fordamping. Medan Water transporters ville løyse mangel på tilgang til reint vatn ved å sende vatn i røyr frå Norge til Afrika. Begge laga har jobba dei siste åtte vekene med oppgåva, to timar i veka, i tillegg til litt kveldsjobbing og ein laurdag.

–Først hadde vi tenkt på korleis vil skulle få Hornindalsvatnet fri for bilvrak som ligg på botnen. Men det vart så vanskeleg å kome opp med ein god idé til løysing så vi skifta oppgåve, seier Silje Kristin Ryland som var med på dette laget.

Robotkøyring

Det andre laget med namnet Team Watermakers fekk andre plass i robotkøyring. Det var Alexander Vonheim og Marius Borgund som stod for robotkøyring på scena i Operahuset. Denne gruppa hadde laga ein modell av eit hus som skulle gjere saltvatn om til drikkevatn. Dei hadde mellom anna vore på besøk hjå Nordplan og fått gode råd der.

–På Nordplan sa dei mellom anna at vi burde skifte ut taket med solcellepanel. På den måten kunne vi lage og lagre energi samstundes. Energi som vi ville bruke til å varme opp vatnet slik at det fordampa. Etterpå skulle vi ta vekk saltet og bruke vatnet. Vår plan var å etablere slike hus for produksjon av drikkevatn i Afrika der dei ikkje har reint drikkevatn, så medlemmane av Team Watermakers.

Frå åtte skular

Dei 20 laga som var i Operahuset Nordfjord kom frå åtte ulike ungdomsskular i Nordfjord/Sunnfjord og på Søre Sunnmøre. Skulane var Kalvåg oppvekst (to lag), Hauge skule (to lag), Davik oppvekst (eitt lag), Svelgen oppvekst (to lag), Stryn ungdomsskule (eitt lag), Eid ungdomsskule (to lag), Volda ungdomsskule (sju lag), Ørsta ungdomsskule (to lag) og Volda legoklubb som er ein frittståande klubb.

Til saman kom desse laga frå fem ulike kommunar. First Lego League i Operahuset Nordfjord er ein konkurranse for Sogn og Fjordane, der søre Sunnmøre også er med.

Resultat First Lego League 2017:

First Lego League Champion

1.Volda Legoklubb

Andre nominerte:

Team Rocket Bunny (Svelgen oppvekst), High Water (Davik oppvekst)

Kjerneverdiprisen

1.High Water(Davik

oppvekst)

Andre nominerte:

Rett fram (Svelgen oppvekst, Volda legoklubb

Marknadsføringsprisen

1.Rett fram(Svelgen

oppvekst)

2.Team rocket Bunny

(Svelgen oppvekst)

Andre nominerte:

High Water (Davik oppvekst)

Prosjektprisen

1.High Water(Davik

oppvekst)

2.Volda Legoklubb

Andre nominerte:

Kloakkodillene (Stryn ungdomsskule)

Robotkonkurranse

1.Volda legoklubb

2.Team Watermakers (Eid ungdomsskule)

Teknologiprisen

1.Pink Noobs (Ørsta

ungdomsskule)

2.Kloakkodillene(Stryn ungdomsskule)

Andre nominerte:

High Waters (Davik oppvekst)