Statens vegvesen hadde kontroll på Stad og Selje laurdag, og for tunge køyretøy på Kjøs søndag.

På Stad og Selje fekk fire førarar gebyr for manglande dokument, ein fekk gebyr for manglande bilbelte og to fekk mangellappar for feil på lys.

På Kjøs opplevde etaten ein positiv dag i går søndag. Tolv tunge køyretøy var innom for kontroll, der alle hadde alt i orden og kunne køyre vidare.