Rogier van Oorschot starta opp det Davikbaserte Adventure Travel-selskapet Norway-AdvenTURes i 2003. Bakgrunnen var ønsket om å jobbe med AdventureTravel, og dele naturrikdomen og gode opplevingar med turistar frå heile verda.

Selskapet har hatt stort fokus på utandørsaktivitetar som

kajakk, vandring og ski. No satsar dei stort på å designe opplevingsturar for internasjonale gjestar i heile Norge. Dei viser til at Norge opplever stor vekst i opplevingsnæringane. Denne

trenden er aukande.

Einaste lokale partnar

Anne van Oorschot, som mellom anna har jobba i Framtidsfylket tidlegare, starta å jobbe som marknads- og salsansvarleg i selskapet på slutten av 2016, og dermed blei bemanninga dobla.

– Det har vist seg å vere rett å satse som incomingselskap slik vi har gjort, fortel dei. I 2016 blei Norway-Adventures valt som einaste lokale partnar i Norge av EVANEOS. Dette er eit onlinebasert fransk reisebyrå, som formidlar reiser i heile verda. Evaneos koplar kundane direkte til lokale leverandørar i det landet dei vil reise til.

Stor etterspørsel

– Vi fekk fem førespurnader om dagen frå vi starta i april i 2016. Vi har så mange førespurnader at vi har vore nøydde til å stenge ned bookinga for å handtere førespurnadene som kom inn. Då eg såg at Wenny blei ledig på arbeidsmarknaden, tenkte eg at no har eg sjansen. Det er ikkje ofte ei dame med hennar erfaring og kompetanse er ledig i regionen. Vi tok kontakt og oppretta ein dialog tidleg, fortel Rogier van Oorschot. Slik blei Wenny ein del av teamet i Norway-Adventures. Ho begynte i jobben som forretningsutviklar og reisedesignar 1. november og har allereie hendene fulle.

Gleder seg

– Eg kjenner Norway-AdvenTURes frå min tidlegare jobb og har følgt dei over tid. Eg har hatt eit positivt samarbeid med dei før, og eg har lagt merke til at dei har fått ein stor vekst i den seinare tid. No skal eg jobbe 80 prosent i Norway -AdvenTURes, og resten av tida skal eg bruke på prosjektarbeid gjennom mitt eige selskap, TravelINorway, seier Wenny Irene Hansen.

– Vi designar våre turar slik at flest mogleg av gjestane våre får ein del av turen sin i vår region. Eg gleder meg til å jobbe med å få endå fleire gjestar til regionen vår saman med resten av temaet i Norway-AdvenTURes, seier Wenny Hansen.