Slik såg det ut på Furuhogane i går, med 45 cm nysnø siste døgnet. 
            (Foto: Harpefossen )

Slik såg det ut på Furuhogane i går, med 45 cm nysnø siste døgnet. Foto: Harpefossen

Kan bli opning neste helg

Snøfallen i helga kan føre til opning av skitrekket på Furuhogane, Harpefossen, allereie neste helg.

I går, laurdag, var det kome 45 cm  nysnø på Furuhogane og 25 cm nede på Harpefossen. Det er også meldt snø og kulde til veka.


No kan det gå mot opning på Furuhogane allereie neste helg, melder Harpefossen på sine nettsider.


Startdatoen for årets sesong på Harpefossen var først sett til 1. desember. No kan det altså bli opning fjorten dagar før.


På yr.no er det meldt om snø på Harpefossen onsdag og laurdag komande veke. Og litt mindre snø/sludd tysdag og fredag. Temperaturen vil ligge rundt null, men ned mot minus fire og minus fem over neste helg.