Arvid Rygg skriv om Berekraftig turisme, med etablering av visnings- og opplevingssenteret Sagastad på Nordfjordeid. Også Harpefossen skisenter, Nordfjord hotell – Scandic Nordfjord, Norsk Fjordhestsenter og Skrivergarden Leikvin er med. Rygg konkluderer også med at Nordfjord har eit stort og unytta potensial innan reiseliv, og at her er plass for mange fleire aktørar.

I årets årbok kan ein også lese om Skåre fjellstue og dei første hotella på Videseter.

Per Ole Lefdalsnes frå Eid har laga ei oversikt over stortingsrepresentantar frå Nordfjord i 1914–2017.

Du kan også lese ein artikkel av Karin Walen Rindal om Helge Sundt, han som teikna sætrekarta – også om Hjellesætra.

Kjell Inge Lindvik skriv om Lindviksætra i Eid, medan Liv Lindvik Moen tar for seg seterliv. Åge Sørland skriv om slåttearbeid på Ytre Skårhaugsætra. Vi kan også lese om vintersildfisket, Maaløy Ruteselskap, gardregle frå Hennane av Astrid Henden, jordmora i Hyen, Draumen om jula, Min barndoms jul, Glimt frå barndom og Ragnhild Kristin Rosenlund har om bygdeliv i Nordfjord på 50-talet.