I samband med sitt nye album med tradisjonelle slåttar frå Nordfjord, rett og slett kalla «Nordfjord», tok felespelaren Britt Pernille Frøholm turen til Kjølsdalen som eitt av stoppa på sin tre veker lange turné i etterkant av platesleppet.

Britt Pernille Frøholm er rekna som ein av dei beste hardingfelespelarane i landet. Med si tette tilknyting til Nordfjord meiner ho sjølv det var på tide å gå eit djupare dykk ned i den store mengda av slåttar som finst i bygdene frå Stryn i aust til Selje i Vest. På plata har ho gitt plass til 15 av dei slåttane ho har funne og samla inn i sin leit rundt om i regionen. Og utvalet ho har hatt å velje i har vore på fleire hundre!

Men før Frøholm entra golvet i Kjølsdalen fekk ho oppvarming av Vindfylla Jr, eller feleaspirantane som Vindfylla Spelemannslag no tilbyr instruksjon gjennom kulturskulen og Olga Pavlova. Dei får undervisning i skuletida, og hadde til konserten øvd inn både melodiar med cd-komp, men også to slåttar i lag med Vindfylla Spelemannslag. 14 aspirantar (ein viss MGPjr-finale i Oslo var lovleg fråvær for nokre av aspirantane) gav salen felespel med fullt trøkk, og hovudartisten ein god dose inspirasjon før ho tok laust med sitt materiale.

Artisten meinte ho kanskje må gå til innkjøp av turnébuss, slik at ho kan ha med seg oppvarmingsbandet frå Kjølsdalen rundt om i landet.

Livfull nordfjordmusikk

Etter oppvarminga gav Britt Pernille Frøholm dei om lag 60 frammøtte ein dryg time med nokre av dei flottaste slåttane som er å finne i Nordfjord. Elles vart det fleire møter med den typiske livfulle og lettfattelege nordfjordmusikken, både etter Alfred Maurstad, Gabriel Reed og Hans Berstadhaugen. At halvannan dusin born i alderen 4 til 10 år sat stilt og lytta i ein dryg time var imponerande tykte musikaren. Publikum var på sin side imponerte over felespelet til jenta frå Hornindal og sette pris både med applaus og besøk ved salsboda for cd-ar etterpå.

Då konserten var ferdig omrokkerte ein kjapt lokalet og baud opp til dans i tre samfulle timar ved Vindfylla Spelemannslag. Både danseglade frå Eid, Bryggja, Åheim og Kjølsdalen kunne trå dansefoten utover kvelden, og gav klar beskjed om at det ikkje måtte bli for lenge til neste høve til ein slik kveld.

Vindfylla junior: Feleaspirantane på scena under konserten i samfunnshuset. Foto: Privat