Båtane skal operere sambandet Bodø – Sandnessjøen og Bodø – Svolvær. Rutene blir også kalla Nordlandsekspressen. Fylkeskommunen kjøper og vil eige båtane sjølv, medan drifta skal ut på anbod.

Kontrakten gjeld konstruksjon og bygging av totalt 2 båtar. Båtane vert på 42 meter, skal ta 220 passasjerar i tillegg til last og skal dimensjonerast for 32 knops operasjonsfart.

Grønt båtskifte

Dei nye båtane vil bruke ca. 30% mindre drivstoff enn dei som går langs Nordlandkysten i dag. Mykje av miljøgevinsten blir nådd gjennom utforming av skrog, vekt på fartøy, hastigheit og anløpsstruktur.

– Klimaendringane er den største utfordringa vi står framfor, og vi er den fyrste generasjonen som ser og erfarer verknadane av klimaendringane. Vi har stilt krav om det nyaste innan teknologi, med lågast mogleg utslepp og forbruk for denne type hurtigbåtrute, fortel fylkesråd for samferdsel Svein Eggesvik (Sp).

Dei to karbonfiberbåtane skal byggast ved Brødrene Aa sitt verft i Hyen. Det er på båtar som skal operere i stor fart, med lange operasjonstider, ein får tatt ut største effekt av å bygge i karbonfiber. Lettare båtar gjev betre driftsøkonomi og lågare utslepp.

– Desse båtane, med om lag 5000 operasjonstimar og ein operasjonsfart på 32 knop, vil gje ein betydeleg drifts- og miljøgevinst, fortel Tor Øyvin Aa, dagleg leiar i Brødrene Aa AS.

God komfort

Båtane vil bli bygd med høg komfort. Alle passasjerseter skal ha regulerbar rygg med høg kvalitet, polstra og med skinntrekk. I tillegg vil det bli ladepunkt, wifi med god kapasitet og kiosk.

– Vi stiller høge krav til universell utforming, eg kan nemne innvendig heis for blant anna rullestol, fortel Eggesvik. - Vi er òg opptatt av at komforten ombord skal bli veldig god og gje ei behageleg reise langs den vakre kysten vår.

–Dette er båtar som skal operere i nokre av dei tøffaste områda langs kysten, og vi har, basert på anbodskrava til Nordland Fylkeskommune, skreddarsydd ein driftssikker båt med fokus på miljøvinstar, gode sjø- og manøvereigenskapar og passasjerkomfort. Vi er svært glade for at Nordland fylkeskommune har valt oss som leverandør, avsluttar Tor Øyvin Aa.

Nordlansekspressen. Illustrasjon Foto: Pressefoto