Det kan verke som heile Eid og Nordfjord var benka framfor tv-skjermen laurdag kveld for å følgje med. I Telenor Arena var det 500 nordfjordingar som gjorde sitt for å skape elektrisk stemning. Oselie sjølv verka trygg på scena. Likevel var det nervepirrande – ein kan aldri vite kven som får flest stemmer. Tydelegvis har det norske folk vore klar i si tale. Oselie si låt «Verda vår» gjekk rett heim hos mange. Ho song ein låt med ein sterk tekst, samtidig er det ein fengjande melodi som set seg fast i minnet.

Men kva er det så som gjer at tre jenter frå Eid vinn to år på rad? I ein kommune med 6.000 innbyggarar har vi ein populær rockefestival, ein vital distriktsopera, og det einaste operahuset utanfor hovudstaden. Men vi er også ei bygd der talent får utvikle seg og blomstre, og der kulturen er i fokus heile året. Gjennom skulemusikalar ufarleggjer ein det å stå på ei scene. Oselie er ein av mange som har stått på den store scena i Operahuset ein rekkje gongar, og på scena i Telenor Arena var ho ikkje nervøs i det heile.

Vi trur det er av stor verdi at dei unge popstjernene våre set Nordfjordeid på kartet. Vi kan skryte av at det er herifrå Vestlandet med «over eit fjell, gjennom ein tunnel, over ei bru, der bur du» kjem ifrå. No har vi ein ny «Verda vår» som skal innprentast.

Jentene viser at det går an å nå til topps sjølv om ein kjem frå ein liten stad i Sogn og Fjordane. Her kan drøymar gå i oppfylling.

Oselie sjølv var audmjuk før ho reiste austover, og trudde at det var liten sjanse for at Eid kom til å stikke av med sigeren to år på rad. Ho tok feil. Det er vi svært glade for.

Spørsmålet no er kven vi skal sende neste år ...