Hausten 2000 sette Opera Nordfjord opp operaen La Bohème. Den gongen med mellom anna Helga Botn i ei av hovudrollene. Sytten år etter skal denne operaen av Giacomo Puccini igjen opp på scena på Nordfjordeid. Førre gongen var det i litt trange lokale på Fjordane folkehøgskule. Neste haust skal bohèmane få boltre seg på ei langt større scene i Operahuset Nordfjord.

Sju unge solistar

Solistane til La Bohème er no klare. Og til hovudrolla som syerska Mimi kjem sopranen Margrethe Fredheim. Ho blir forelska i poeten Rodolfo, som blir spelt av tenoren Torbjørn Guldbrandsøy. Dei andre bohèmane er målaren Marcello (Mads Wighus), filosofen Colline (Martin Hatlo) og musikaren Schaunard (Thomas Røshol). Dei mest sentrale hovudrollene er Mimi, Rodolfo, Marcello og Musetta. Sistnemnde rolle er det Gunda-Marie Bruce som har fått. Lars Eggen skal ha rolla som både landlorden Benoit og rådsherren/kommunefullmektig Alcindoro.

Fattige kunstnarar

Handlinga i Scènes de la de bohème av franskmann Henri Murger foregår i 1830. Desse fortellingane blei først publisert i eit tidskrift, men blei så dramatissert og i 1851 utgitt samla. I 1896 skapte Puccini og hans librettistar ei av suksessane i tida med sin operaversjon La Bohème. I første akt møter vi fire fattige kunstnarar, skribenten Rodolfo, målaren Marcello, filosofen Colline og musikaren Schaunard. Dei deler ei billig loftsleilegheit. Det er vinter i Paris. Syerska Mimi, ein ny nabo, kjem og ber om ei fyrstikk til stearinlyset sitt. Ho og Rodolfo blir forelska. Men så blir Mimi sjuk av tuberkulose, og Rudolfo forlet henne av godheit. Han tenkjer at utan han kan ho finne ein rik beiler som har pengar til behandling. Men i siste akt ligg Mimi på sitt siste, nær døden av tuberkulose. Bohèmane sel alt dei har for å kjøpe medisin. Men Mimi dør, og Rodolfo er knust.

Politisk drama

La Bohème er ei vakker kjærleikshistorie. Ikkje minst er opningscena romantisk med den unge jenta som kjem til naboen for å få tent stearinlyset sitt. Men bak kjærleikshistoria er La Bohème først og fremst eit politisk drama. Dei fem bohèmane tilhøyrer underklassa, dei er fattige og loslitte og bur trangt og kummerleg på eit loft. Men deira kulturelle kapital er enorm. Med rette har dei forakt for det velfødde borgarskapet, som har pengar og mat, men inga sjel. Bohèmane demostrerer sin forakt for borgarskapet og deira konvensjonar, eller finn seg overlegent og parodisk i dei, ved eit kvart høve. Brått kunne uteliggaren vise at han har enorme kunnskapar om klassisk fransk drama og filosofi.

Sopran Margrethe Fredheim frå Sandefjord har fått den sentrale rolla som den unge syerska Mimi. Foto: Opera Nordfjord
Det er gått sytten år sidan Opera Nordfjord sist sette opp operaen om bohèmane i Paris. Den gongen på Fjordane folkhøgskule.