Under det årlege bransjetreffet for reiselivsnæringa på Vestlandet i Bergen denne veka, var det mykje snakk om kor viktig det er å unngå at presset på enkelte område og enkelte årstider blir for stort.

– Eg trur vi må bli flinkare til å spreia turisttrafikken til større delar av landsdelen. I dag er det visse område som har det store trykket, seier Jørgensen til Nynorsk pressekontor.

Under konferansen trekte han fram Trolltunga, Preikestolen og Geiranger som døme på område der turistrafikken no har blitt så stor at det vekkjer reaksjonar. Det meiner Fjord Norge-sjefen reiselivet må ta på alvor. Samtidig er han klar på at reiselivet ikkje kan sjå bort frå det turistane kjem for å oppleva spektakulære naturattraksjonar.

– Vi må ha respekt for at turistane ønskjer å sjå ikon, seier han, men oppmodar samtidig reiselivet til å tenkja nytt.

– Sjå til Loen!

– Næringa må bli flinkare til å forstå at vi ikkje berre kan ha søkjelys på naturgjevne attraksjonar som Preikestolen og Trolltunga. Vi har ikkje flust av slike. Kanskje er vi er nøydd til å skapa nokre trekkplaster slik ein har gjort med Loen Skylift i Nordfjord, seier Jørgensen.

Der har det lokale næringslivet investert nærmare 300 millionar kroner i ei gondolbane som fraktar folk 1011 meter over havet. På fjellet Hoven kan turistane nyta storslegen utsikt, god mat, vandreturar på merkte stiar eller skiturar og andre aktivitetar om vinteren.

Den nye bana har fått stor internasjonal merksemd, og etter opninga 20. mai kan anlegget allereie visa til 72.000 besøkjande.

Jørgensen meiner andre delar av reiselivet på Vestlandet har noko å læra av satsinga i Loen.

– Eg trur heile måten vår å tenkja på må bli meir industriell. Næringa må slå seg meir saman slik at dei får kapital til å gjera denne typen investeringar. Det trur eg også kjem til å skje, seier Jørgensen.

– Treng nytt blikk på eigne røter

For å utvida turistsesongen og dempa trykket i pressområda var likevel både Jørgensen og andre på konferansen mest opptekne av at reiselivet må blir flinkare til å bruka kultur og andre opplevingar for å få tak i nye typar turistar og utvida reisemønstera.

– Vi må bruka naturen aktivt og utvida kunnskapen til turistane om den kulturen dei møter. Det handlar om menneska i fjordlandskapet, bygdesamfunnet, historiske tilbakeblikk om stavkyrkjer og om å retta blikket framover og sjå på kven vi har blitt på grunn av historia vår.

Han meiner alt dette ber i seg dimensjonar som spring ut frå den norske naturen.

– Den historia må vi flinkare til å bruka, elles blir det lett einsidig søkjelys på naturen. Dermed greier vi heller ikkje få tak i turistgrupper som kanskje er villige til å koma til Noreg til andre tider på året når naturen ikkje er på sitt finaste, seier Jørgensen.

IKON: Trolltunga i Hardanger har på få år blitt eit ikon som trekkjer til seg tusenvis av turistar frå alle kantar av verda. No blir reiselivsnæringa på Vestlandet oppmoda til å tenkja nytt for å spreia turisttrafikken. Foto: Foto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK
IKON: Preikestolen har vorte eit nasjonalt ikon som trekkjer til seg stadig fleire turistar frå alle kantar av verda. For å unngå at presset på dei mest populære attraksjonane blir for stort, blir reiselivsnæringa på Vestlandet no oppmoda til å tenkja nytt. Foto: Paul Kleiven / NTB scanpix / NPK