– Samferdsle er ei svært viktig og samlande sak for Vestlandsrådet. Dei fire vestlandsfylka har heile vegen arbeidd særleg med prosjekt som ferjefri E39, Stad skipstunnel og rassikring, seier leiar i Vestlandsrådet Jenny Følling.

Handlingsprogrammet konkretiserer kva som skal gjerast på vegnettet den første seksårsperioden av NTP og dannar grunnlaget for dei årlege løyvingane i statsbudsjettet i perioden.

Vestlandsrådet skal og gjere vedtak i saker som: Cruisestrategi for Vestlandsfylka 2018-20, handlingsplan, og prosjekt «Tiltak mot marin forsøpling».

Rassikring, tunnelar og E39

Vestlandsrådet handsamar sin uttale til handlingsprogrammet på møte i Sola 25. oktober.

Tilrådinga seier at Vestlandsrådet bør leggje vekt på mellom anna ferjefri E39, rassikring, opprusting av tunnelar og vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegar, og gjere følgjande vedtak:

1. Vestlandsrådet tek til etterretning at det behov for kostnadsreduksjonar for dei store fjordkryssingsprosjekta, og avventar revidert framdriftsplan for Ferjefri E39. Det er behov for tilstrekkeleg med planleggingsmidlar for å kunne realisere fjordkrysningane. Samstundes vil rådet peike på at det også er trong for å få ein god og samanhengande standard langs heile E39. Dette vil binde byane og distrikta langs vestlandskysten saman og redusere transportkostnadene for næringslivet.

2. Vestlandsrådet er nøgd med at det i Nasjonal transportplan 2014–23 vert satsa på skredsikring. Behova for skredsikring på Vestlandet er likevel særs store, og det er trong for å prioritere meir midlar til skredsikring av vegane i dei fire fylka i åra som kjem.

3. Vestlandsrådet er nøgd med at det vert satsa på å ruste opp tunnellar, slik tunnellforskrifta legg opp til. Det er likevel store behov for opprusting av fylkesvegtunnellane i tråd med forskrifta, og rådet ber om at fylkeskommunane vert sette økonomisk i stand til å handtere dette.

4. Det er eit stort behov for å ta igjen vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane. Vestlandsrådet ber om at regjeringa har eit særleg fokus på dette i den vidare oppfølginga av NTP.

5. Vestlandsrådet tek inndelinga av hovudvegsamband mellom aust og vest til etterretning, og avventar neste NTP for vidare satsing på desse vegsambanda.

6. Vestlandsrådet er nøgd med at Stad skipstunnell er innarbeidd i NTP 2018-29, og ber om at Kystverket har stort fokus på gjennomføring av prosjektet i samsvar med framdriftsplanen.

Fylkeskommunane og dei store bykommunane er høyringsinstansar og skal kome med innspel innan 31.12.2017.