I kategorien nyhende fekk Odd Hege Brugrand i NRK Sogn og Fjordane prisen for dekninga av det interne arbeidsmiljøet og uroa i Helse Førde.

Om vinnaren skriv juryen mellom anna at «dette er ein serie nyhendesaker som samla, og til dels også enkeltvis, er døme på god undersøkande journalistikk. Sakene avslører mellom anna eit betent arbeidsmiljø og uro mellom leiing og tilsette i ei stor og viktig verksemd - i dette tilfellet Helse Førde.

Nyheitssakene sette over ein periode på nesten eitt år dagsorden både i nyheitsbiletet i Sogn og Fjordane og internt i helseføretaket. Vinnarsaka er eit godt døme på grundig og tolmodig gravande journalistikk som får konsekvensar.

Reportasje om Airliftulukka

Reportasjeprisen gjekk til Astrid Iren Solheim og Marie Havnen i Firda for reportasjen om Airliftulukka - 20 år etter styrten i Vevring.

Om reportasjen skriv juryen at «dette handlar først og fremst om menneske som brått vart råka av ein katastrofe. Dei står fram og fortel personlege og såre historiar frå ein tung fase i livet. Dramaturgien i reportasjen er vellykka, og biletmaterialet godt. I tillegg blir potensialet både i tekst, foto og grafikk teke ut gjennom djerv bruk av spalteplass og gjennomført stø redigering. Språket er enkelt, klart - og nesten lytefritt. Vinnarreportasjen er eit framifrå og kreativt journalistisk handverk like frå planlegging til sluttprodukt.

Juryen, som har vore saman sett av tidlegare redaktør og mangeårig journalist, Rune Timberlid, Ingvill Drægni i Drammens Tidene og Siri Kleiven Strøm, TV2, gav også heiderleg omtale til to unge journalistar for eit ambisiøst prosjekt der dei har sett likestilling på dagsorden. Christina Cantero og Marianne Solheim Rotihaug i Fjordenes Tidene har så langt skrive 65 nyheitssaker og reportasjar, der dei gjennom å stille enkle, men viktige spørsmål om likestilling har sett søkjelys både på skeiv fordeling og kvinner sin plass i samfunnet. Samstundes dreg dei opp bruken av kvinnelege kjelder i avisa. Serien viser at det er mogleg å jobba med eit langsiktig og viktig tema i ein liten redaksjon der daglege arbeidsoppgåver står i kø.

Årets bilde

Hanne Stedje i Sogn Avis fekk prisen for Årets bilde. Juryen, som var saman sett av leiar Silje Katrine Robinson, BT, frilansfotograf Lene Sørøy Neverdal og mangeårig pressefotograf og tidlegare leiar i LO Media, Nicholas Kippenbroek, seier følgjande om vinnarbiletet:

«Vinnerbildet i årets konkurranse viser ei ung jente i finkjole og med klemme i håret. Ho befinn seg i ein gymsal og sit på fanget til ein eldre medelev. Skulen skal leggjast ned. Med armane rundt kvarandre trøstar dei kvarandre stille. Utan ord. Og tårene renner. Med eit enkelt bilete fortel fotografen ein historie om kor viktig skulen er for borna. Og kor vondt og skremmande det kan vera å mista den. Styrken ved biletet er at du umiddelbart vert sett inn i situasjonen elevane befinn seg i, og du får god forståing for korleis dette vert opplevd av elevane. I vidare fortolking kan også biletet seia noko om korleis det opplevast for born når vaksne tek avgjerder som får store konsekvensar. Dette er illustrert ved at fotografen viser elevar so sit resignert, stille og lyttande. Avgjerda om skulenedleggjing er teken og deira stemme vart ikkje høyrt. Eit nydeleg bilete!

Mann i vinterlandskap

Fotojuryen gav også heiderleg omtale til Bent Are Iversen for biletet av Jan Herstad i Naustdal.

«Biletet viser ein mann i vinterlandskap som har teke turen ut for å sjekka om avisa er kommen. Styrken ved biletet er at det er humoristisk, underlig og godt komponert.

Kor lenge har mannen stått der og kva ventar han eigentleg på? Biletet med sin komposisjon og anonymisering, inviterer lesaren inn i ei historie me ikkje kjenner slutten på. Biletet opnar for refleksjon og undring. Det er herlig å sjå humoristiske og utradisjonelle bilete på trykk i avisene, det burde me ha sett oftare. Godt levert!

Kjøllesdal held fram som leiar

Svein Rune Kjøllesdal (29), journalist i Firda, vart attvald som leiar i Sogn og Fjordane journalistlag på årsmøtet i Førde fredag kveld. Han går dermed laus på sitt tredje år som leiar for laget. Resten av styret er samansett av Gunnhild Sindre,  Fjordingen, Marie Havnen, Firda, Stine Kyrkjebø Johansen, NRK Sogn og Fjordane og Hanne Stedje, Sogn Avis.

Fotojuryen gav også heiderleg omtale til Bent Are Iversen for biletet av Jan Herstad i Naustdal. Foto: Bent Are Iversen/Firda