Kvart år får fleire enn 3.400 kvinner og nokre få menn i Norge brystkreft. Avansert kreftbehandling reddar og forlengjer livet til fleire enn nokon gong tidlegare. I dag overlever ni av ti brystkreft. Svanhild er ein av dei heldige, sjølv om ho fekk trippel negativ brystkreft – som vert definert som ganske aggressiv.

– Det var ikkje så lang tid etter at eg hadde vore på ordinær mammografi, at eg brått ein dag kjende ein kul på venstre bryst medan eg dusja. Eg fekk time på dagen hos fastlegen, og han viste meg vidare til Førde same dag. Eg vart tatt på alvor. Fordi kulen berre plutseleg var der hadde eg det klart for meg at dette var noko som vaks fort, fortel Svanhild.

– Min tur

To utanlandsturar stod for tur. Den eine vennetur med fire par til Portugal, som dei hadde gleda seg til i lang tid. Den andre ein tur med mannen til Paris. No trengde ho legeerklæring dersom ho ikkje kunne reise utanlands.

– For meg var det viktig å få resultatet av prøvene i Førde raskt. Heldigvis kom eg fort til, fekk tatt ny mammografi og biopsi, der det vart tatt ut vevsprøve i cellekulen. Det gjekk ikkje mange dagane før legen bekrefta det eg ante.

«Du er uheldig med type kreft, men heldig me dplasseirnga av svulsten, så du oppdaga den tidleg», var beskjeden frå legen.

– Det som raste i hovudet mitt var; «Ok, no er det min tur». Dette må eg prøve å gjere det beste ut av, fortel ho. Svanhild har hatt familie, vennar og kjenningar som har hatt brystkreft.

– Spontant var det ei trøyst at dei har hatt brystkreft. Eg kunne ramse opp mange namn over dei som lever, er friske og tilsynelatande har det ganske greitt, seier ho.

Parykk

Trass beskjeden om brystkreft vart venneturen til Portugal tatt.

– Eg vart råda til å reise av legen min, i ventetida før eg skulle begynne med cellegift. Det vart ei god kjensle av sol og haust, vi lo ganske mykje, og vi hadde det morosamt alle som var med. Men turen vi skulle på til Paris måtte vi avlyse. I dag er eg grådig glad over at vi hadde bestemt turane, som gjorde at eg hadde noko å glede meg over i den tida, fortel ho.

Då tida var kome for cellegift hausten 2011 stilte Svanhild på avdelinga i Førde med ope sinn.

– Der var eg veldig godt ivaretatt, fekk mykje stereoidar og så cellegifta. Det handlar om å overleve all gifta, fastslår ho. Tre sortar cellegift vart pøst på, og ho reagerte med at luktesansen vart ekstremt sterk. Den følgde henne lenge.

– Første gongen eg var inne i Førde for å få cellegift kom frisøren og hjelpte meg å ta ut parykk. Det var litt uverkeleg å vite at om tre veker så har du ikkje hår. Å ha hår er viktig, men det ramla av i dottar og eg tenkte at «no er det i gang». Mannen min Per Magnus var ei fantastisk støtte heile tida. Å vere åleine i ein slik situasjon må vere vanskeleg, medan å ha ein som støttar og er der er ufatteleg godt, meiner ho.

Var Svanhild ute blant folk brukte ho alltid parykken sin, men heime gjekk ho utan.

– Eg følte meg veldig avkledd utan. Då eg fekk tilbake håret opplevde eg å få tjukkare hår. Det er grådig stritt hår, men eg har hår, og det er eg veldig takknemleg for, smiler ho.

Seks kurar

Svanhild måtte gjennom seks cellegiftkurar, der det vart brukt tre ulike typar kvar gong – alt for å knekke kreften. 21 dagar mellom kvar cellegiftkur, der ein også må ta blodprøve på sjukehuset for å sjekke at immunforsvaret er kome opp igjen, før ein går på ei ny runde.

Svanhild var 56 år då ho fekk brystkreft i 2011.

– Brystkreft kan ein få i ung alder. Den yngste eg møtte var 24 år, fortel ho, som stiller opp i denne reportasjen som eit bidrag til å gjere andre folk oppmerksame på at dei må undersøke seg for kular i brysta.

– Dei første fire-fem dagane etter ein kvar ny kur så sov eg 16–18 timar i døgnet. Eg vart veldig tørr i munnen og nasen, og kunne vakne og tenke at eg måtte hente meg vatn på kjøkkenet, men før eg fekk gjort det så hadde eg sovna igjen. Men gradvis vart det lettare å halde seg vaken, fortel ho.

Små, korte besøk sette ho stor pris på, men måtte vere varsam om nokon var forkjølt.

– Eg kunne heller ikkje ha fysisk kontakt med småbarn første tre døgn etter cellegift, og måtte mellom anna vaske alle kle ein hadde brukt. Og så var det det med luktesansen. Eg reagerte sterkt på parfyme, og sterke smakar i maten var grufullt. Tørr, kvit fisk, mandelpotet, blomkål, gulrot og brokkoli gjekk fint, fortel ho.

Mange med brystkreft får seinskadar, og Svanhild er framleis plaga med tørr munn. – Når ein står oppe i det med begge beina, opplever ein raskt at det ikkje er nokon fluktrute, kommenterer ho.

Den dagen ho vart erklært kreftfri vart det oppdaga ein ny kul – denne gong i armhola.

– Då var det nærliggande å tru at det var spreiing. Denne kulen vart operert ut, og til stor lette viste det seg å ikkje vere kreft i den. Men samtidig oppdaga dei ein flekk på lunga. Men ved min årlege kontroll denne hausten har den vist seg å ikkje vere endra, og eg er erklært kreftfri. Eg er heldig og har klart å legge det til sides, og tenkje at eg ikkje har kreft lenger, men at eg har hatt det. Eg trur det er viktig å tenkje slik, seier Svanhild. Ho har engasjert seg i brystkreftarbeidet og sit i styret for Nordfjord brystkreftforeining.

– Det er godt å ha andre som har felles forståing for kva ein har vore gjennom, seier ho.

Kreftfri

– Etter at eg vart erklært kreftfri var eg kanskje litt for ivrig til å kome meg tilbake i jobben ved Nordfjord Psykiatrisenter på fulltid, slik eg alltid før har gjort. For meg vart det ei drivkraft. «Det vil eg og det skal eg». I juni i år vart eg derimot 40 prosent uføretrygda, men det er like mykje på grunn av ein rygg som er skrekkeleg dårleg, fortel ho. Svanhild har også opplevd som mange andre at kroppen ikkje vil vere med på det som hovudet vil.

– Det er viktig å gi seg tid etter å ha hatt brystkreft, seier ho. Å gå turar har vore terapi for henne.

– Fysisk aktivitet gjer godt, både for hovudet og alt, meiner ho.

Svanhild har hatt halvårlege kontrollar, og har tatt fleire skjelett skintografi – der radioaktivt stoff vert sprøyta inn i kroppen og ein ser om det spreiar seg i skjelettet. På Svanhild har dette ikkje gitt utslag.

– Eg har seinplage, men kan leve og har glede av livet. I ettertid har eg tenkt at om noko dukkar opp seinare, må ein berre ta det, seier Svanhild, som innrømmer at det vanskelegaste var å fortelje den næraste familien at ho hadde fått brystkreft.

Svanhild er flittig ved strikketøyet.