Kristianna Kongsvik (1874-1945) var fotograf i Hornindal frå 1912 til 1940. Ho budde i Hornindal kommune, og starta for alvor med fotografering då mannen døydde i 1915. Ho fotograferte ved hjelp av glasplater, der mange av dei har stått vekkgøymd etter hennar død. No har Kåre R. Haugen henta desse bilda fram i lyset, og presenterer 130 av dei i ei bok som blir lansert i Honndalshallen laurdag 11. november.

I ei nystove

Glasplatene etter Kristianna hadde stått nedstøva i ei nystove i Hornindal i over sytti år. Eigar av nystova er Rune Hatlelid. Og det var i samarbeid med han at platene blei henta fram i lyset for rundt tre år sidan. Det var fotograf Lars Lunde som gjorde dette arbeidet. Han tok oppgåva med å framkalle bilde frå alle desse snart 700 glasplatene. Resultatet blei over 300 bilde av fotograf Kristianna Kongsvik. Lunde har finpussa på bilda, og no er 130 av dei plukka ut til å vere med i boka som kjem ut om tre veker. Dette er bilde frå Hornindal kommune, med hovudvekt på Lødemel der Kristianna Kongsvik (f. Lødemel) vaks opp, Haugen og Kjøs. Men også fleire bilde frå Heggjabygda og Sudstranda som var ein del av Hornindal kommune fram til 1964. Elles er der også mange andre bilde frå ulike delar av Hornindal kommune.

Tok over etter mannen

Den første mannen til Kristianna var fotograf Peder Lødemel. Han døydde berre femti år gammal, femten år etter at han kom heim frå Amerika, der han hadde lært seg fotografikunsten. Lødemel var i Amerika frå 1888 til 1900, og var fotograf i Hornindal frå 1900 til 1915. Kristianna tok over jobben hans som fotograf, og ho flytte seinare inn til Kjøs då ho gifte seg på nytt med Peder Kongsvik. Ein stor del av bilda hennar er frå Kjøs og området rundt. Men ho hadde også ei søster i Heggjabygda, Elina Sandnes. I tillegg til to andre slektningar som budde i Heggjabygda. Kristianna var også ein ivrig fotograf når ho var på besøk hjå slektningar der.

Frå gard til gard

Kåre R. Haugen har hatt eit omfattande arbeid med å få i stand denne boka. Då dei 130 bilda var plukka ut, starta arbeidet med å finne namn på personane. Der har Haugen nytta munnlege kjelder i Hornindal.

–Du kan vel seie at eg har gått frå gard til gard. Ved hjelp av opplysningar frå folk i bygda har eg klart å finne namnet til storparten av folka på bilda. Men har det vore usikkert står det ukjend, eller N.N. under bildet. Eg har snakka mykje med den eldre generasjonen som kjenner att fleire på fotografia, seier Haugen som er 66 år, og pensjonert lærar siste fire åra. Han har likevel teke nokre vikartimar i skulen, men det siste halvåret har mykje av tida gått med til bokprosjektet. Boka er blitt produsert av Solglimt trykkeri på Sandane.

Bokslepp

No har Haugen huset fullt av 500 eksemplar av boka, og laurdag 11. november blir det altså bokslepp i Honndalshallen. Der skal forfattaren fortelje om bokprosjektet. Det blir også musikalske innslag av både barna og søskena til Kåre Haugen. Mellom anna har han to brør på Eid som vil ta med seg både saksofon og fele til Honndalshallen denne dagen. Også andre musikkutøvarar frå Hornindal skal opptre på boksleppet.

Kristianna Kongsvik etterlet seg over 700 fotoglasplater som no er blitt til bok.
Kåre R. Haugen har henta over 200 bilde fram i lyset.
Dette bilde viser 21 kvinner samla til kvinneforening ved det gamle skulehuset på Såta, Sudstranda.
Boka til Kåre R. Haugen viser bilde med stor variasjon frå Hornindal kommune gjennom hundre år.