Tema på samlinga var utfordringar og mogelegheiter knytt til inkludering, og det var lagt opp til arbeidsverkstad der ein gruppevis diskuterte ulike tema og noterte på felles plakatar dei mogelegheitene og utfordringane ein ser føre seg.

Betre informasjon

Det er ikkje alltid like lett å finne ut kva fritidstilbod som finst. Prosjektet tek mellom anna sikte på å betre informasjonen til innvandrarar om tilboda og det frivillige organisasjonslivet.

Det vert jobba med å utvikle ei nettside med informasjon om organisasjonane og fritidsaktivitetar på ulike språk.

Å vere med i ein organisasjon gjev deg eit sosialt nettverk, ein gjer kjekke ting saman og bidreg i eitt fellesskap, noko som skaper tryggleik, tilhøyrsle og gjev meistringskjensle.

– Velkommen

Ei av dei som hadde møtt opp frå organisasjonslivet, var Anne Tykhelle, som leiar Barneleikarringen i Haugen Ungdomslag. Det er eit tilbod for barn i barneskulealder der dei kan lære seg folkedans. Tykhelle vil svært gjerne også ha med barn frå andre kulturar, og ho er også open for at innvandrarforeldre kan lære bort dans frå sine heimland.

Hilde Nord Haugland frå Haugen handball vil gjerne ha med fleire i handballgruppa. Dei har god røynsle med å ha med innvandrarungdom på sin aktivitet, som går føre seg på Nordfjordeid.

Noko av utfordringa med aktivitetar ute i bygdene er at mange av aktivitetane er knytte til skulekrinsane, og at dei fleste innvandrarane bur i sentrum og ikkje har bil.

På møtet vart det teke til orde for å kartlegge interessa, til dømes for om det er interesse for å bli med på dans eller i kor. Det vart peika på at flyktningtenesta kan ha samtale med foreldra om kva dei ønskjer at barna deira skal vere med på.

– Må vere aktive

Det vart også teke til orde for at det må kunne gå an at ein prøver ut ulike aktivitetar for å finne ut kva ein kan tenkje seg å vere med på. Kanskje kan nokon frå laget/organisasjonen ta på seg å følgje opp dei nye heilt i starten, slik at dei finn seg til rette.

– Organisasjonane må ikkje berre sitje og vente på at nye kjem, dei må vere aktive for å få fleire med. Dei må møte dei nye der dei nye er, ikkje berre sende ein brosjyre eller legge ut på Facebook, men møte dei ansikt til ansikt, poengterer Jørgen Bergset, som sjølv er med i «Herreavdelingen».

Det kan også vere ei fin oppgåve for flyktningfadrane å vise fram litt av aktivitetane som ein kan vere med på i Eid, avhengig av interessa til den einskilde.

– Språket er ei utfordring

Leiar for flyktningtenesta i Eid, Rune Engeseth peikar på at språket er ei utfordring. Sjølv i ein så enkel aktivitet som fotball, må ein ha ein viss språkkunnskap for å få med seg til dømes beskjedar om val av taktikk.

– Kanskje kan dei som har vore her ei stund vere fadder for dei nye for å hjelpe dei i gang med aktivitetar, foreslår Engeseth.

Økonomi og kultur

Tid og økonomi og kulturelle konfliktar var nokre av dei andre utfordringane som vart nemnde. Til dømes kostar det ein del pengar å vere med på fritidsaktivitetar, pengar som kanskje ikkje alle har så mykje av. Det er heller ikkje alle som er vande til at ting er så gjennomorganisert som her, at ein må møte opp til faste tider og helst kvar gong for å vere med.

– Godt frammøte

Prosjektleiar i Samspel, Dag Vea var godt fornøgd med frammøtet i Operahuset. Han ser føre seg fleire samlingar der ein tek fatt i og jobbar vidare med dei mogelegheitene og utfordringane som vart kartlagde denne kvelden.

Hilde Isane Hjelle er med både i 4H og songkoret Dekor på Hjelle. Song og musikkaktivitetar er fritidstilbod som er aktuelle for rekruttering. Foto: Anna Wuttudal
I Operahuset vart det arrangert arbeidsverkstad der alle fekk kome fram med det dei tenkte på som mogelegheiter og utfordringar i samband med inkludering av minoritetar. Foto: Anna Wuttudal