Dei 1.374 kontora i testen får poeng for å vere imøtekomande og gje god og relevant informasjon, og for å vere lett tilgjengeleg digitalt. Medisinfaglege vurderingar er ikkje testa. Blant legekontora i Sogn og Fjordane kjem Eid Legekontor på andreplass, berre slått av Førde Legesenter. På nasjonal basis kjem fastlegekontoret i Eid på 167. plass, medan kontoret i Førde kjem på 27. plass.

Kommuneoverlegen nøgd

– Vi er sjølvsagt nøgde med å gjere det såpass bra i denne testen, seier fastlege ved Eid legekontor og kommuneoverlege i Eid, Thomas Vingen Vedeld.

Han understrekar at testen ikkje har noko med kvaliteten på dei medisinfaglege tenestene som blir levert.

– Dette er ein test der Forbrukarrådet har sett seg sjølve i pasientrolla og testa kor kundevennlege fastlegekontora er, kan ein seie. Vi har jobba mykje med nettløysinga vår, og med timebestilling og timevarsel på sms. Derfor er vi nøgde med at det viser igjen i testen, seier Vingen Vedeld.

– Dette viser også av dei tilsette ved kontoret møter pasientane på ein særs god måte i ein hektisk kvardag, legg han til.

Fire kategoriar

Dei fire kategoriane som Forbrukarrådet har nytta i testen av fastlegekontora i Norge er kor gode dei er på generell informasjon, konkret informasjon, konkret service og digitale tenester. Den maksimale poengsummen som kan oppnåast i kvar kategori er 100.

I dei fire kategoriane er resultatet slik (Eid-Førde): Generell info: 96-80, Konkret info: 51-50, Konkret service: 88-76, Digitale tenester: 45-80.

Dei fire kategoriane dannar grunnlaget for ein totalscore, der Førde får 67,2 poeng og Eid 61,1 poeng. På grunn av ulik vekting av kategoriane, er totalscoren ikkje eit reint gjennomsnittstal av dei fire kategoriane som er testa.

Jobbar med digital løysing

Sjølv om Eid Legekontor gjer det bra i Forbrukarrådet sin test, meiner Vingen Vedeld at ein kunne gjort det endå betre. Det er fordi Eid scorar betre enn Førde i tre av dei fire kategoriane som er testa.

– Der vi scorar markant dårlegare enn Førde er i kategorien digitale tenester. Sidan mars har jobba med å få på plass løysinga «digital dialog med fastlegen». I desse dagar får vi grønt lys for å ta i bruk denne tenesta, og den skal vere på plass ganske kjapt. Hadde vi hatt digital dialog på plass før testen, er det svært sannsynleg at vi ville scora like bra eller betre enn Førde totalt. Førde legesenter er eit stort og veldrive legesenter, og det er kjekt for oss om er litt mindre, å kunne lykkast like bra, seier Vingen Vedeld.

Digital dialog er fire tenester mellom fastlege og pasient som gjer det muleg med sikker kommunikasjon over internett: Bestill time, forny resept, start e-konsultasjon og kontakt legekontoret.

– Med denne ordninga vil ein kunne sende sensitive opplysninger mellom pasient og lege  på ein trygg måte, seier Vingen Vedeld.

Få får godkjentstempel

I Forbrukarrådet sin test av fastlegekontor i Norge kjem berre 2,5 prosent (31 fastlegekontor) ut med grønt, eit godkjentstempel dei oppnår med ein totalscore på minst 67 poeng. I Sogn og Fjordane er det altså berre Førde Legesenter som får dette godkjentstempelet.

Dei neste på lista

Etter Førde og Eid er dette dei legekontora i Sogn og Fjordane som gjer det best i testen: Gloppen Legesenter 58,1 poeng/314. plass, Måløy Kommunelegekontor 57,7 poeng/332. plass, Høyanger Legekontor 57,5 poeng/346. plass.