– Alle er velkomne - også dei utanfor kommunen, kanskje spesielt dei frå Selje som vi kjem i same kommune saman med, seier ordførar Alfred Bjørlo.

Innbyggjartreffet er ei vidareføring av Eid Inviterer-profilen. Nye innbyggjarar får First Eid Kit, og ein starta først opp med eit innflyttartreff. Etter kvart har ein funne ut at det skal vere for alle - og ein real innbyggjarfest.

– Litt av poenget er at alle kan kome saman og bli betre kjende, enten ein nettopp har flytta hit eller ein har budd her lenge. Kva er vel betre enn ein «bli kjent-fest», seier gjengen som står bak. Dei lovar ein hyggeleg møteplass i Operahuset laurdag ettermiddag.

Mange aktivitetar

Eid kommune sitt mål for innbyggjartreffet er å vise fram alle aktivitetane ein har å tilby i Eid, gi innbyggjarane nyttig informasjon og ei hyggeleg oppleving.

Laurdag vil Hjelle skulemusikk opne treffet til full musikk, og her blir mange stand og aktivitetar med lag og frivillige organisasjonar i Eid.

– Dette er ein kjempefin arena der lag og organisasjonar får vist seg fram. Her er så utruleg mykje bra fritidstilbod i Eid, og dette er ein fin plass til rekruttering, meiner Janne Endal Andersson.

25 stands er allereie klare, mellom anna har dei sju 4H-klubbane slått seg saman på ein stand.

Nytt i år er at du også kan gjere kjekke aktivitetar inne og ute, slik som luftgeværskyting. Ved å oppnå ti klistermerke frå ti aktivitetar har ein vinnarsjanse på ei Eidaveske full av overraskingar, lovar dei.

Oselie på stand

MPG-junior-deltakar Oselie Henden frå Eid gjer seg klar til finale i Oslo 4. november, men laurdag får ein høyre henne synge. Du kan også ta selfie med henne eller sikre deg ei Oselie t-skjorte.

Biblioteket er også oppe denne dagen, og det vert gratis Elias-kino på treffet.

– Laurdag bør vi få fullt hus med folk. Tilflytting er viktig også for bygdene i Eid, og det er viktig at dei viser seg fram kva som finnast av tilbod der, seier ordføraren. Både Eid kommune og den nye Stad 2020 vil ha stand på treffet.

Og er det fleire lag og organisasjonar som vil ha stand er det berre å ta kontakt med Eid kommune.