Tunellporten vert liggjande 500 meter frå husa på garden. Mesteparten av grunnen Amdam må avstå er utmark, men ein del innmark går og tapt. Samla vil det føre til at driftsgrunnlaget for gardsdrifta vil bli sterkt redusert. Eigedommen har ei strandlinje på 800 meter, 500 meter vil vere tapt for garden.

På den andre sida av tunellinnslaget mot Berstad er det Bjarne Myrstad sin eigedom som vert sterkast berørt.

Livet på vent

Amdam opplyser at han ennå ikkje har nokon formell avtale med Kystverket, men vi har ein god kommunikasjon, understrekar han. Så heilt i detalj kor mykje grunn han må avstå veit han ikkje. Livet er liksom sett på vent.

Men Kystverket har fått utarbeidd ein generalplan for området som skipstunellprosjektet treng, så ein viss peikepinn har han fått.

Sjølv har han lagt ut mange pengar på å få utarbeidd ein eigen plan som gjeld garden hans, med visse endringar i høve til Kystverket sin.

Avtale neste år

Prosjektleiar Terje Andreassen i Stad Skipstunnel opplyser til Fjordabladet at Kystverket tek sikte på å få i stand avtalar med grunneigarane i løpet av neste år. Han reknar med at Stortinget i revidert statsbudsjett i 2018 løyver pengar til grunnerverv m.m.

Elles er det opp til politikarane og løyvingar over statsbudsjettet når sjølve tunellbygginga kan komme i gang. Andreassen håper på byggjestart i 2020/21.

Kolonihagar

Det Amdam er svært oppteken av er å sikre eit godt framtidig driftsgrunnlag for garden for nye generasjonar og sikre verneverdige bygningar. Sjølv har han fire born.

– Ein må ordne det slik at ein eller fleire av dei finn det meiningsfylt å slå seg ned på garden, seier han.

På det som blir att av innmarka vil han etablere kolonihagar, der folk kan kjøpe eller leige hageflekkar. Det har vist seg å vere populært andre stader og kan gje gode inntekter på liv laga på garden, meiner han.

Dårleg infrastruktur

Amdam er skeptisk til at skipstunellen vil gagne lokalsamfunnet i særleg grad. Det er å frykte at det vert mest gjennomgangstrafikk som andre plassar får mest nytte av, trur han.

Han er positiv til Stad Skipstunnel, men meiner at det er vel så viktig med betre kommunikasjonar i og ut av kommunen. Ein av kjepphestane hans er eit totunell-prosjekt: tunell frå Eide til Kjøde og tunell vidare til Nave/Bryggja.

– Det vil saman med ei monaleg oppgradering av vegane på Stad, bety ikkje mindre enn ein kommunikasjonsrevolusjon med ufatteleg stor betydning for busetnad og næringsliv i Selje kommune, hevdar han entusiastisk.

Amdam er og oppteken av at tunellmassen må brukast til noko fornuftig, og har tilbydd gratis lagring på eigen grunn.

Den pensjonerte sjømannen Stein Jørund Amdam har tunet fullt av metallskulpturar han på kunstnarleg vis har laga sjølv. Berstad i bakgrunnen. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Slik ser det ut no, men her vil det bli store endringar når skipstunellen kjem. Foto: Per Ole Lefdalsnes
GARDEN TIL AMDAM: Tunet til høgre med våningshus og låve. I sjøkanten eit verneverdig hus der det var posthus, telegraf, tinghus og omgangsskule før i tida. Foto: Per Ole Lefdalsnes
TUNET TIL AMDAM: Midt på biletet kjem skipstunellen. Det er 500 meter frå tunet til Amdam. Foto: Per Ole Lefdalsnes
Det er sett opp ein vindmålar på staden der tunell-innslaget skal vere i utmarka mellom Eide og Berstad. Foto: Per Ole Lefdalsnes