Fargerike Sunde og Sunde Møblar har kundar frå eit stort omland.

– Vi trur ikkje Eid tapar på at folk er meir mobile i dag. Det gjer heller at fleire kjem til Eid for å handle. Det er så mykje spennande i marknaden som vi kanskje ikkje har. Folk må få kjøpe det dei vil, men vi merkar at vi sel meir og meir frå distriktet rundt oss enn vi har gjort tidlegare, fortel Helge.

– Det vil seie det same som at det er behov for ein kjedefri butikk, og at kundane ønskjer noko ikkje alle kjedene har, seier Kjell.

Familieverksemda hadde først butikk i Eidsgata. Tidleg på 60-talet selde dei alt frå møblar til golvbelegg og gardiner. Etter kvart trengde ein meir plass.

– Meiningslaust stort

– Då bygde ein her i Leirongane som er totalt på 2.500 kvadratmeter. Det var meiningslaust stort. Her var tanter og onklar som monterte møblar, men her var glissent med møblar. Kommentarane var mange om at ein aldri kom til å fylle dette med møblar, mimrar Kjell og ser utover ein velfylt møbelbutikk. Men tidene endrar seg – også korleis vi kjøper møblar.

– Før skulle ein ha ein god sofa som skulle vare 20–30 år, og den kosta mykje pengar. No har vi ei folkegruppe – utan å nemne kjønn, som gjerne skal skifte ut mykje raskare heime. Folk følgjer trendar og kastar ut fortare, seier Kjell.

Annleis butikkdrift

– Ei periode var det furu overalt. I dag får vi ikkje tak i det, sjølv om det skulle vere kundar som spør etter det, fortel han.

Då møbeldelen av firmaet flytte til Leirongane vart Helge verande igjen i Eidsgata, der han også starta med måling og seinare utvikla det til ein fargehandel og flytta til Leirongane.

– I dag hadde vi for eksempel ein kunde frå Trondheim som ville vi skulle kante teppe. Det er noko ikkje så mange gjer lenger. Vi har også hatt bra suksess med eit konsept der vi har knytt til oss faste elektrikarar og snikkarar. Om du skal pusse opp badet ditt, har du dermed færre å forhalde deg til, seier Helge.

Brørne meiner det er stor skilnad på korleis fedrane dreiv butik og korleis det er i dag.

– No er det mykje meir kampanjar heile tida. I butikkdrift i dag er det viktig å knytte til seg dyktige tilsette. Det er det som er berebjelken, konstaterer dei.

Fargerike Sunde: – No går det mot lunare fargar, seier f.v. Elin Faller Raad, Mari Bjørkedal Wooding, Helge Sunde og Magne Raad.