Regjeringas forslag til Statsbudsjett for 2018 inneber kutt på 45 millionar for folkehøgskulane. Tysdag møter fleire tusen elaver opp til demonstrasjon. Det same gjer alle opposisjonsparti.

Dette er tredje gong på fire år at Regjeringa Solberg foreslår kutt til folkehøgskulane. Både i 2014 og 2015 vart kuttet nulla ut av eit fleirtal på Stortinget.

Tysdag møter fleire tusen noverande og tidlegare folkehøgskuleelevar opp framfor Stortinget for å vise si misnøye med forslaget. Kuttet vil ikkje ramme dem direkte, men dei protesterer på vegner av framtidige elevar.

Også denne gongen reagerer opposisjonspartia. Alle opposisjonsparti vil vere til stades under demonstrasjonen, og partileiarane Trine Skei Grande (V), Knut Arild Hareide (KrF), Audun Lysbakken (SV) og Bjørnar Moxnes (Raudt) vil halde appellar. Det same gjør Marit Arnstad (Sp) og Martin Henriksen (AP), som begge sit i Utdannings- og forskningskomiteen.