I dag var det siste framsyning av årets hovudoppsetting til Opera Nordfjord. Om lag 3.900 billettar var lagt ut til sal for dei åtte framsyningane. Over 3.700 bilettar vart selde.

– Det har vore omtrent fullt hus på kvar førestilling. I dag måtte vi setje ut ekstra stolar, slik at alle som ønskte det fekk plass, seier operasjef Kari Standal Pavelich.

Ho er svært glad for oppslutnaden frå publikum.

– Det har vore mange tilreisande, både frå kysten og heile regionen. Folk har vore veldig nøgde, og det har vore mykje følelsar, både glede og tårer, fortel Pavelich.