– Å skildre særtrekka ved nordfjordbåten let seg ikkje gjere i ei setning eller to. Det handlar om kombinasjon av form og utsjånad, men også om den allsidige bruken, dei historiske linjene og om båtbyggjarane og kva verktøy dei brukte, seier konservator ved Nordfjord Folkemuseum, Ingrid Berger.

Saman med kollegaene på Nordfjord Folkemuseum har ho siste tida sett nærare på kva som kjenneteiknar nordfjordbåten og granska kjelder som fortel om det som nærast kan kallast ein båtbyggjarindustri på sørsida av Gloppefjorden.

– Mange gardbrukarar i dette området dreiv med båtbygging som ei attåtnæring. Frå 1851 til 1855 vart det bygd 600 båtar og 23 skuter i Gloppen, noko som er 70 % meir enn i Stryn, Innvik, Ålfoten og eit par andre bygder til saman, fortel Berger.

Utstillinga blir offisielt opna søndag 15. oktober ved Atle Ove Martinussen frå Museumssenteret i Hordaland. Det vert musikalsk innslag av Nora Taksdal. Utstillinga vier også plass til dei mange båtbyggjarane som gjennom tidene har levert båtar av høg kvalitet langs store delar av vestlandskysten.

– Av materialet vi har granska, så peikar Gloppen, og spesielt sørsida av Gloppefjorden seg ut som ei båtbyggjargrend. Mange av bøndene her hadde båtbygging som attåtnæring og nokre bygde i løpet av si levetid over 1000 båtar. Vi ser også at kunnskapen har gått i arv i generasjonar og at mange av dei fremste båtbyggjarane var i nær slekt, seier Berger.

Fullteikna båtseminar

I samband med utstillinga blir det også halde eit eige nordfjordbåtseminar i samarbeid med Nordfjordbåtlaget. Her kjem ekspertar frå nær og fjern for å snakke om lokale båtbyggjartradisjonar andre stader, om båten som gardsreiskap og det blir diskusjon om kva ein kan gjere for å sikre framtida til nordfjordbåten.

– Vi hadde 50 plassar på seminaret, og har vore fullteikna ei god stund. Det er både lokale og langvegsfarande som har meldt seg på, og vi er særs glade for at det er så stor interesse for å vere med, seier avdelingsdirektør Anne Kristin Moe.