– Det er ikkje nok å sitte rundt kaffibordet og diskutere kven som bør få Eid kommune sine kulturprisar, du må kome med forslaga til oss, seier Geir Holmen, kultursjef i Eid kommune, og Knut Tore Nes Hjelle, leiar for Oppvekst- og kulturutvalet i kommunen.

Får forslag

– Erfaringane frå dei siste åra, viser at vi får inn svært få forslag til kandidatar til kulturprisane i Eid kommune. Det skuldast ikkje at det er mangel på kandidatar, dei er det nok av, både når det gjeld mottakarar av Kulturprisen og ikkje minst når det gjeld kandidatar til Ungdomens Kulturpris, seier Knut Tore Nes Hjelle som legg til at dei kriteria forslagsstillarane må halde seg innanfor er at kandidatar til Ungdomens Kulturpris må vere under 25 år, og vere busette i kommunen.

– Ut over det er det få avgrensingar. Det handlar om å nytte det utvida kulturomgrepet, som betyr at ein kan føreslå kandidatar som har gjort seg merka både innanfor idrett og ulike kulturaktivitetar. Ein kan også føreslå lag og organisasjonar, seier han.

– Når det gjeld Ungdomens Kulturpris, så er det Eid Ungdomsråd som innstiller kandidat overfor juryen. Til sjuande og sist er det utvalet for kultursaker som gjer endeleg vedtak.

Heng høgt

– Vi veit at mange sit rundt frukost- og kaffibordet og diskuterer verdige kandidatar til kulturprisane, som heng høgt. Problemet er at det ikkje er så mange som kjem med forslag dei har drøfta til oss. Dei som har forslag til personar lag, organisasjonar eller andre som dei meiner fortener Eid kommune sin Kulturpris og/eller Ungdommens kulturpris, må du kome med forslag innan fristen går ut den 23 oktober, seier kultursjef Geir Holmen som oppmodar folk til å gå inn på eid.kommune.no/innhald-a-a/kultur-og-fritid og lese retningslinjene for tildeling av prisane.

– Det er også verd å merke seg at forslaga skal vere skriftlege og grunngjevne. Framlegga skal sendast til post@eid.kommune.no eller Eid kommune, Rådhusvegen 11, 6770 Nordfjordeid, seier han.