Laurdag spelte laget sesongens første heimekamp mot Bjørnar 2, og tok ein klar sjumålssiger 29-22.

– Eg er svært godt nøgd med forsvarsspelet. Der er vi solide. Det same gjeld det spelemessige offensivt. Vi kjem til utruleg mange sjansar, noko som lovar godt for framtida, seier Eid-trenar Geir Dale.

Brente sjansar

Sjølv om Eid vann klart mot Bjørnar 2, meiner Geir Dale at sigeren burde vore langt større.

– Vi brenn vel rundt 20 hundreprosentsjansar, der avslutningane går i treverket eller rett på keeper. Med normal uttelling burde vi hamna på omtrent same tal scora mål som Florø gjorde mot same motstandar (vann 37-26, journ. mrk.), meiner han.

Men Eid-trenaren slett ikkje bekymra for at dette er noko det unge mannskapet ikkje skal klare å rette på.

– På grunn av kollisjon med fotball og andre ting er det mange spelarar som ikkje har fått trena så mykje som ønskjeleg før sesongstart. Det vil rette seg i tida framover, og då vil uttellinga bli langt betre, seier Dale.

Lagspelet først

Sondre Vangberg (7) og Oddbjørn Ulvestad Karlsen (6) vart mestscorande for Eid laurdag.

– Elles fordeler scoringane seg jamnt på heile troppen. Det er viktig for oss at det ikkje berre er nokre få som står for måla, for då blir det enkelt å stoppe oss ved å ta ut enkeltspelarar. Vi jobbar bevisst for at mange skal bidra, for då blir vi vanskelegare å stoppe, meiner Geir Dale.

Lang pause

På grunn av haustferie får no Eid sjansen til å trene godt før neste seriekamp, som først er heime mot Bønes søndag 29. oktober.

– No satsar vi på mange gode økter framover, slik at vi kan vise oss frå ei endå betre side mot Bønes, seier Geir Dale.

I tillegg til å vere trenar for Eid sitt herrelag er han også trenar for damelaget.

– Eg har fått ordna det slik at damene og herrane trenar rett etter kvarandre, og det gjer det muleg reint praktisk å ha begge oppgåvene. Eg har også fått flytta nokre damekampar, slik at eg skal kunne vere med dei mest muleg på bortekampane. Når det er kollisjon får eg hjelp av Hilde Nord Haugland, som har stor erfaring, så det skal gå bra, seier Eid-trenar Geir Dale.