Frå ein tidlegare haustfest. 
            (Foto: Illustrasjon)

Frå ein tidlegare haustfest. Foto: Illustrasjon

Sju haustfestar i Eid

Oktober er månaden for haustfestar i 4H-klubbane i Eid kommune.

I løpet av oktober er det sju 4H-klubbar i Eid kommune som skal arrangere haustfest. Først ute er den nystarta Fjordhesten 4H. Dei skal ha sin haustfest laurdag 21. oktober på Nordfjordeid skule. Etter det blir det Hei og Hå på Bryggja 22. oktober, Freidig, Stårheim 27., Hestehoven, Hjelle 27., Heggrosa, Heggjabygda 28., Trekløveren, Kjølsdalen, 28., og til slutt Ørn i Hennebygda søndag 29. oktober.