Sist veke inviterte Eid kommune og Nordplan til folkemøte for å få innspel til arbeidet med den nye planen. Berre to møtte opp. Det er eit tankekors at ikkje fleire viser interesse, ettersom skule- og idrettsområdet er ein så viktig del av mange av familiane i kommunen.

Kvar dag er her rundt 850 elevar frå barneskule, ungdomsskule og vidaregåande skule som er i området til og frå skulen. Nokre går, andre syklar. Ein del kjem med buss, medan kanskje litt for mange framleis vert køyrt i bil av foreldre – nettopp fordi ein synest at trafikken er så stor og uoversiktleg til å sleppe våre håpefulle åleine til og frå skulen. I tillegg er her mange bilar med folk som skal på jobb. Alt i alt gjer dette at det er stor rørsle av mjuke og harde trafikantar.

Å endre reguleringsplanen for området er eit spennande prosjekt. Det er så mykje ein kan gjere, alt er eit kostnadsspørsmål. Om ein løyser krysset mellom idrettshallen og vidaregåande skulen så kan ein spasere heile vegen frå Eid vidaregåande skule på ein samanhengande gangveg, ved at ein lagar ein over- eller undergang for gåande og syklande. Her har skjedd mange ulykker i området, og poenget må vere å skilje dei mjuke trafikantane vekk frå bil- og busstrafikken. Då vert det også tryggare å sleppe ungane til skulen.

I dag er det ingen tvil om at trafikkbildet her eit uoversiktleg kaos, spesielt om morgonen og ettermiddagen. Vi må heller ikkje gløyme at mange brukar området til og frå trening også seinare på dagen og kvelden.