Seljeværingane kunne laurdag morgon vakne til storfint besøk på fjorden framfor sanden. Der låg nemleg Kongeskipet med flagget oppe. På sosiale medium går det mange ubekrefta rykter om at både kongen og kronprinsen var med Kongeskipet til Selje. Kronprinsen skal visstnok også ha surfa i Hoddevik.