Kontrollane vart haldne på Lefdal kontrollplass, Kjøs kontrollplass, Folven kontrollplass og Nordfjordeid. Til saman vart 76 køyretøy kontrollerte i tungtransportkontrollen.

Personell på kontrollen var samansett av kontrollørar frå Nordfjordeid, Førde og Sogndal, med dette resultatet:

  • 3 sjåførar vart melde for brot på køyre og kviletida.

  • 5 sjåførar fekk åtvaring for mindre brot på køyre og kviletida.

  • 3 sjåførar måtte sikre lasta betre før dei fekk køyre vidare.

  • 5 sjåførar måtte fjerne gjenstandar i frontruta før vidare køyring.

  • 1 sjåfør fekk gebyr for ikkje å ha med førarkort under køyring.

  • 2 vogntog var for tunge, og fekk gebyr for overlast.

  • Det vart utferda eit gebyr til ein busspassasjer som ikkje nytta bilbelte.